Verdsarvprest: Morgan Berg er for andre året på rad tilsett i sommarjobben som verdsarvprest. Her er han på toppen av Geitfonnegga med Geiranger i bakgrunnen. FOTO: Privat
(Foto: Privat)

Verdsarvprest: Morgan Berg er for andre året på rad tilsett i sommarjobben som verdsarvprest. Her er han på toppen av Geitfonnegga med Geiranger i bakgrunnen. FOTO: Privat Foto: Privat

Morgan Berg er klar for å bygge vidare på erfaringa frå i fjor

Verdsarvpresten utset ferien

Etter førre sommar var ikkje Morgan Berg i tvil om at han gjerne utset ferien i år også.

– Eg opplevde at fjoråret gav god meirsmak, og eg kjende på ein god grunn til å drive på med dette, seier Berg. Han opplevde fjoråret som eit prøveprosjekt.

– Medan eg var tilsett som verdsarvprest, opplevde eg at det var eit stort behov for ein prest som hadde med turisme å gjere. Eg såg at det var verdifullt, og vel derfor å dra tilbake i år, fortel han.

Oppgåva som verdsarvprest byr på mange opplevingar, og er i stor grad annleis frå Berg sin vanlege jobb, som prest i Borgund i Ålesund. No gler han seg til ein ny sommar i indre fjordstrok.

Annerleis kvardag

– Jobb-kvardagen i Ålesund inneber at eg får mange ferdige oppgåver som eg må gjere. Som verdsarvprest dreier det seg mykje meir om at eg må oppsøke folk og omgivnadene, seier Berg og legg til at det kanskje kan minne litt om då han fekk prøve seg som sjukehusprest.

Må våge

– Eg må sjølv ut å våge og vise fram andletet, og ha tru på at kyrkja skal ha ein plass i folket. Eg trur på kyrkja sin bodskap, og ønskjer å få dette fram, seier Berg som konkluderer med at det er få som forventar å sjå han på ein bestemt stad til eit bestemt tidspunkt.

– Sjølvsagt blir det gudstenester og nokre vigslar, men utanom dette får eg fritt spelerom. Eg må sjølv tenke, og følgjer mykje med på kva som skjer i turismen. Er det mykje cruiseskip ein dag, blir eg nok i Geiranger, seier Berg, som tenkjer å setje nasen mot andre stader dei dagane det er rolegare inst i fjorden.

«Gærne» idear

– Utfordrande er det også, men eg opplever det slik at i år veit eg kva eg går til. Eg vil bygge vidare på røynslene frå fjoråret, og opplever ei utruleg støtte i prost Svein Runde. Han er lett å spele ball med, og vi kan heile tida prate om kreative tankar, fortel Berg og legg til at han får prøvd ut masse ”gærne” idear.

– Det er kjempegøy. Eg er kjempeglad i kvardagen, men desse vekene gjer meg nok til ein endå betre prest om vinteren når eg er tilbake i Ålesund. Eg får akkurat nok tid til å tenke at dette er utruleg gøy, men jobben hadde vore utruleg slitsamt om eg skulle halde på slik heile året, seier han.

Som noko av det morosamaste frå i fjor, trekker han fram reisa med ferja frå Hellesylt til Geiranger. Møtet med mannskapet betydde like mykje som møtet med turistane. Han gler seg også til å sitte framfor kyrkja og servere kaffi og kjeks. Kanskje vil nokon stoppe og slå av ein prat, håpar han og inviterer til alt frå eit minutt til tre timar. Men inne i kyrkja ønskjer han at det skal vere ro. Med mindre nokon har spørsmål, skal dei få sleppe ein prest som står og messar, lovar han.

Verdsett alle bygdelaga

Han verdsett også kontakten med andre delar av verdsarv området, og gler seg særleg til Hellesyltdagane.

– Eg vil ikkje berre vere til stades som verdsarvprest. Eg vil også vise at lokalbefolkninga i bygdene er viktig for meg, fortel han. Då skal han halde gudsteneste på Høgreiten, og er også programleiar.

– Då er eg ikkje prest, men representerer Morgan. Det er litt gøy å få bruke heile meg.

Og om folk vil snakke om Gud, eller berre livet, så er han der.

– Det er ein luksus å få vere prest, slår Morgan fast.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Programleiar: I år som i fjor, skal Berg vere programleiar på utescena under Hellesyltdagane. ARKIVFOTO.
(Foto: Anniken Westad)

Programleiar: I år som i fjor, skal Berg vere programleiar på utescena under Hellesyltdagane. ARKIVFOTO. Foto: Anniken Westad

Cruiseskip: I fjor var verdsarvprest Morgan Berg mellom anna om bord på det splitter nye cruiseskipet Mein Schiff 5. ARKIVFOTO.
(Foto: Hege Bjørkedal)

Cruiseskip: I fjor var verdsarvprest Morgan Berg mellom anna om bord på det splitter nye cruiseskipet Mein Schiff 5. ARKIVFOTO. Foto: Hege Bjørkedal

Siste nyheter

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Mykje skrål, lite ull

I går låg det ein liten lapp i postkassa vår ute på Fjørstad. Det er tid for kåring igjen, og det var då det gjekk opp for meg:

RENO-konkursen og ÅRIM

Konkurs byr på utfordringar

Reno-konkursen kan by på nokre utfordringar for drifta i ein kort fase før ein for til permantte løysingar.

Manifest mot mobbing

– Vi må vise oss som rollemodellar

Tilstandsrapporten om Stranda-skulen i kommunestyret vart til ein engasjert debatt om rolla kvar einskild strandar har som rollemodell for barn og unge.

1-5

Stranda tapte

Det vart tap også denne gongen for A-laget til Stranda

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Sunnylven

Sunnmørsstemne i helga

Hellesylt Ungdomslag arrangerer Sunnmørsstemnet for barn i helga.

Kommunestyret

Ny viltnemd i Stranda

Kommunestyret i Stranda vedtok i ettermiddag samrøystes ny viltnemd.

Sjukefråværet andre kvartal 2017

Stabilt sjukefråvær i fylket

Forvaltningsplan for rovvilt

Vil ha bort jerven