Klokka 22.00 i kveld, søndag, melder Politiet i Møre og Romsdal at mannen som hadde gått seg fast i fjellet Vardegga i Eidsdal er blitt berga ned. På Twitter skriv dei at vedkomande skal vere noko kald, men i fin form.
Den første meldinga om den skårfaste turisten frå Tyskland kom like før klokka 16.00 i dag.
Hovudredningssentralen sende eit Sea King-helikopter frå Florø for å hjelpe til i redningsarbeidet. Sunnmøre Alpine Redningsgruppe, avdeling Ålesund, hjelpte også til med berginga.