Legekontoret på Hellesylt ligg vegg-i-vegg med Sunnylven omsorgssenter.
(Foto: Anniken Westad)

Legekontoret på Hellesylt ligg vegg-i-vegg med Sunnylven omsorgssenter. Foto: Anniken Westad

Hellesylt legekontor

Reduserer opningstida

Frå og med august i år vil Hellesylt legekontor berre ha ope ein dag i veka med vanleg timebestilling.

Tidlegare har legekontoret hatt ope to dagar i veka.

Sjukeheimspasientar vil få moglegheita til legetilsyn ein klokketime kvar veke, skriv konstituert kommuneoverlege Bjørg Johansen i eit brev. Bebuarar i omsorgsbustader og pasientar som får tenester frå heimesjukepleia vil bli prioritert for legetime den dagen kontoret er ope.

Johansen skriv vidare at helsestasjonen vil vere open som før, ein dag i månaden. Ho viser til at det er få barn som skal ha rutinemessig sjekk på Hellesylt. Dette dreier seg normalt sett om eitt til to barn per månad.

Ønskjer fellesskap

Årsaka til endringa, er at unge legar i dag ønskjer og trenger å jobbe i eit større fellesskap, skriv Johansen:

– Erfaring frå dei siste åra, der vi har hatt store utskiftingar på legesida, viser at dei har behov for dagleg rettleiing og rådgiving. Både for tryggleiken og trivselen sin del er det viktig å ikkje vere åleine på eit legekontor fleire dagar i veka.

Rassikker veg

I tillegg seier den konstituerte kommuneoverlegen at vegen mellom Hellesylt og Stranda no er god og trygg, også om vinteren.

– Innbyggjarane i Liabygda har i alle år reist til lege på Stranda. Også innbyggjarar i Geiranger reiser til Stranda dersom dei må til lege utanom den dagen det er lege i bygda. Vi har forståing for at ein del er uroa over å miste moglegheita for tilgang til lege på Hellesylt to dagar per veke, men vi har stor tru på at dei fleste vil kome seg greitt til legekonsultasjon, skriv Johansen avslutningsvis.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Steinras frå Skafjellet i natt:

NVE: – Hald avstand frå fjellsidene

Venstreleiar Trine Skei Grande og Pål Farstad (V)

Kjem på snarvisitt til Stranda

Turist frå London er imponert over Vestlandet:

– Konsekvent slåande natur

Steinras frå Skafjellet i natt:

NVE: – Hald avstand frå fjellsidene

Har opna sommarutsal på Hellesylt

Denne sommaren sel ikkje Linda Fausa varer frå fjordane i Geiranger, men på Hellesylt. Ho fortel at ho var skeptisk til om det kom til å gå like bra, men seier at ho er positivt overraska.

Venstreleiar Trine Skei Grande og Pål Farstad (V)

Kjem på snarvisitt til Stranda

Turist frå London er imponert over Vestlandet:

– Konsekvent slåande natur

Hellesylt Hydrogen Hub

Dannar AS

Fleire aktørar går saman om å danne aksjeselskapet Hellesylt Hydrogen AS. Målet er å utnytte lokal kraftproduksjon.

For dyrt med landstraum for cruiseskip

Cruiseskip slepp ut store mengder klimagassar medan dei ligg til kai. Men løysinga som ville kutta utsleppa er for dyr.