Ifølgje nettstaden til selskapet, har Geiranger Fjordservice seks daglege avgangar med sightseeingbåten M/S Geirangerfjord til Skagehola i høgsesongen (frå 1. juni til 3. september). 
            (Foto: Anniken Westad (Arkiv))

Ifølgje nettstaden til selskapet, har Geiranger Fjordservice seks daglege avgangar med sightseeingbåten M/S Geirangerfjord til Skagehola i høgsesongen (frå 1. juni til 3. september). Foto: Anniken Westad (Arkiv)

Fallulukker skal vere årsaka

Stansar frakt av passasjerar til Skagehola

Vått julivêr har gjort stiane i verdsarvområdet sleipe og gjørmete, og ei av reiselivsbedriftene i Geiranger har no tatt avgjersla om å stanse frakt av passasjerar til Skageflå.

I går, søndag, opplyste Geiranger Fjordservice på Facebooksida si at dei innstiller frakt av passasjerar til Skagehola inntil vidare. Dette gjeld både avgangane med rib- og sightseeingbåt.

Årsaka til kanselleringane er tilhøva på stien til Skageflå.

Sleipe forhold

I ein e-post oppfordrar fungerande leiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Merete Løvoll Rønneberg, til å utvise varsemd på tur.

– Verdsarvstiftinga vil minne alle om at mange av stiane i området vårt er prega av ein del vått vêr i det siste. Fleire stadar er det meir sleipt og gjørmete enn vanleg, og dette krev ekstra varsemd frå alle som ferdast i naturen. Det har no vore fleire ulukker i området vårt, og vi veit også at stadig fleire oppsøker naturen og opplevingane der. Kva ferdigheiter og kunnskap folk har, er høgst varierande. Ein del har svært dårleg grunnlag for å leggje ut på turane dei vel, men det skal òg seiast at mange er godt budde, skriv ho.

Fallulukker

Løvoll Rønneberg skriv at dei støtter avgjersla til Geiranger Fjordservice om å ikkje lenger sette i land folk i Skagehola. Bakgrunnen skal vere fleire fallulukker på staden.


Får dispensasjon til utbetringar ved Skagehola

Vil gjere det tryggare å gå i land ved råsa til Skageflå

– Vi vonar på å få på plass tilretteleggingstiltak i form av eit enkelt «rekkverk» i området ved ilandstiging og påstiging, samt i den nedste delen av råsa. Nokre formelle avtalar må på plass før vi kan gå i gang med dette arbeidet, men vi prioriterer det så fort avtalar er på plass, seier leiaren i verdsarvstiftinga.

Ikkje stengt

På same tid presiserer ho at råsa til Skageflå ikkje er stengt, slik at folk sjølve kan ta seg dit via Homlong.

– Vi har ikkje mynde til å forby nokon å bruke Skagehola, men vi ber alle om å vurdere dette nøye før de eventuelt set i land/tek om bord folk der. Eg vil elles leggje til at også på denne ruta er det fleire sleipe parti, og langt større fare for fall og skadar enn ved «tørre forhold».

Oppfordrar bedrifter til å informere

E-posten er send til reiselivsverksemder i området, og oppfordringa om å utvise varsemd går også til andre som ferdast i naturen.

– Slik situasjonen er, vil vi minne dykk alle på å informere godt til dykkar kundar. Minn også alle på at all ferdsel skjer på eige ansvar, og at ein må velje tur etter evne, skriv Løvoll Rønneberg.

Ho ber alle relevante bedrifter om å gjere sitt beste for å gi besøkande god informasjon om turruter og vanskegrad/forhold.

– Dersom de sjølve er usikre, så ta kontakt med folk som har god kjennskap til turrutene.

Sunnmøringen har vore i kontakt med dagleg leiar i Geiranger Fjordservice AS, Helle Firhøj Jensen. Ho er på ferie og ønskjer ikkje å kommentere saka. Også avløysar for dagleg leiar har fri på noverande tidspunkt, får vi opplyst av bedrifta.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

PR-kampanje kan ha bidrege til å løysa viking-tjuveri i Bergen

Tjuveriet av vikingskattar frå Universitetsmuseet i Bergen vekte merksemd også i utlandet. Ein aktiv PR-strategi kan ha vore med på å løysa saka.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember