Det er tatt fire pukkellaks i Ørstaelva i sommar. Stillehavsarten er svartelista i Noreg. (Foto: U.S. Fish and Wildlife Service)

Det er tatt fire pukkellaks i Ørstaelva i sommar. Stillehavsarten er svartelista i Noreg.Foto: U.S. Fish and Wildlife Service

1 / 1

Uønskt laks oppdaga fleire stadar i landet

Den siste veka er den svartelista pukkellaksen oppdaga fleire stadar i Noreg. Pukkellaksen er naturleg utbreidd i Stillehavet, men kan øydeleggje genetikken til villaksen her heime.

Pukkellaksen har tidlegare, i all hovudsak, blitt registrert i Nord-Noreg, men i år har han vore registrert langs store delar av kysten heilt ned til Rogaland.

I helga fekk ein fiskar to pukkellaksar i elva Gaula i Sogn og Fjordane, skriv Firda.

Også i Naustdal, i same fylke, fekk to fiskarar den svartelista fisken på kroken i helga, ifølgje NRK Sogn og Fjordane.

Førre veke skreiv Sunnmørsposten at det hadde blitt teke fleire eksemplar av pukkellaksen i Ørstaelva i sommar.

Også i Trøndelag og i Rogaland er det registrert pukkellaks dei siste vekene. No oppfordrar Norsk institutt for naturforsking (NINA) om at folk tek kontakt dersom dei observerer pukkellaks eller andre framande artar.

– Lokalkunnskap og tips frå publikum er ei viktig kjelde for å avdekkje spreiing. For å sette inn effektive tiltak er det naudsynt at nye tilfelle blir påvist og rapportert så tidleg som mogleg etter at introduksjonen først har skjedd, står det på heimesidene til NINA.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

PR-kampanje kan ha bidrege til å løysa viking-tjuveri i Bergen

Tjuveriet av vikingskattar frå Universitetsmuseet i Bergen vekte merksemd også i utlandet. Ein aktiv PR-strategi kan ha vore med på å løysa saka.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember