Illustrasjonsbilete.
(Foto: Colourbox.com)

Illustrasjonsbilete. Foto: Colourbox.com

Skal kåre bygda sin beste pizza

Inviterer til Strandameisterskap i pizzabaking

Det er Stranda sentrumsforeining som inviterer til pizzameisterskapen. Dei har med seg FoodTech som arrangør.

Denne bedrifta har hovudkontor i Oslo, og har tidlegare arrangert noregsmeisterskap i pizzabaking under matmessa SMAK i Lillestrøm.

– Dei nølte ikkje då dei vart spurt om dei ville halde ein liknande konkurranse i sjølvaste pizzabygda, skriv Stranda sentrumsforeining på Facebook.


Sentrumsforeininga

Førebur Strandalaurdag

Laurdag 10. juni lovar Stranda Sentrumsforeining at det blir liv på torget.

Konkurransen går av stabelen på Strandalaurdagen i haust, 2. september.

Lokal bedrift stiller med pizzabotnar

Sentrumsforeininga opplyser at tevlinga er open for alle, og at ein kan vere opp til tre deltakarar per lag.

Det er laget sjølv som stiller med topping-ingrediensane, medan Orkla Foods Norge leverer pizzabotnar. I invitasjonen kan ein lese at Grilstad Stranda vil stille med eit utval av sine produkt, men at det er valfritt om ein vil bruke desse.

Den neste Grandiosaen?

Eit dommarpanel skal bestemme kva for eit av laga som har den beste pizzaen.

– Er oppskrifta di god nok, så kan det vere at sjølvaste Orkla vel å lansere den i sitt sortiment, opplyser sentrumsforeininga.

Dei tek i mot påmeldingar heilt fram til konkurransen startar.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Stigande vaniljepris gir dyrare is

Ein syklon på Madagaskar fører til høgare vaniljeprisar, noko som har ringverknader i iskremindustrien.

Cruisetrafikken og Geiranger

Ministermøte

Ordførar Jan Ove Tryggestad og representantar frå Stranda Hamnevesen skal møte klima- og miljøministeren 12. september.

Analytikarar ventar beste lakseresultat nokosinne

Sjømatanalytikarar forventar rekord når fleire av lakseselskapa legg fram kvartalsrapportane sine denne veka.

– Ei stor ære

Det seier Roger Furset, som søndag blei utnemnt til æresmedlem i Storfjordens Venner.

Monja Mjelva ved Hotel Union Geiranger:

Medlem i nytt samarbeidsråd for kultur og reiseliv

Ei av oppgåvene til den nye meiningsgruppa blir å gje råd til regjeringa, som ønskjer å lokke fleire kulturturistar til Norge.

Cruisetrafikken og Geiranger

Ministermøte

Ordførar Jan Ove Tryggestad og representantar frå Stranda Hamnevesen skal møte klima- og miljøministeren 12. september.

Stranda Feriesenter

Vil ha saka opp på ny

Siste ord om avslag på søknad om næringsstøtte til arkeologisk undersøking er ikkje sagt.

Fjord Trail Race

Stor innsats av Røde Kors

Røde Kors i Stranda hadde 31 frivillige på plass under Fjord Trail Race.

I regn og skodde

Imponerande tider i regnet

Jonathan Albon frå Bergen og England vann det lange Fjord Trail Race.

Matfestivalen

Er du ein matgründer?

Fylkesmannen ønskjer å delta i mobiliseringa av fleire lokalmatprodusentar.