Stortingsvalet 2017

Her kan ein førehandsrøyste i Stranda kommune

Biletet er frå valdagen i Storfjord kulturhus i 2013.  Foto: Vidar Eliassen (Arkiv)

Nyhende

Valstyret i Stranda har vedteke at mottak av førehandsrøyster skal skje på følgjande stadar:

  • Kommunen sitt servicekontor på Stranda
  • Sparebanken Møre avdeling Hellesylt
  • Folkebiblioteket på Stranda

Førehandsrøystinga vil gå føre seg frå torsdag 10. august til og med fredag 8. september. Valstyret minner alle om å ta med seg valkort og legitimasjon.

Det er eigne tidspunkt for røysting på omsorgssentera i Stranda kommune.

Siste frist for tinging av ambulerande røystemottak er onsdag 6. september.

Valdagen til Stortings- og sametingsvalet er måndag 11. september.