Kan bli ny deltakarrekord på Skåla Opp

Knut Anders Hatlen (Stranda IL) er blant dei påmelde i Skåla Opp frå Stranda kommune. Biletet av Hatlen er frå Mefjellet Opp i 2015. Kari-Anne Tryggestad Ryste (Sunnylven IL) og Ingvald Knivsflå (Geiranger IL) er òg på startlista.  Foto: Atle Hole

Nyhende

To veker før motbakkekonkurransen Skåla Opp er 1300 personar påmelde.

SKÅLATÅRNET I LOEN 1848 meter over havet ligg målet for motbakkeløpet Skåla Opp, Skålatårnet.  Foto: Andrea Øien Sæverud/NPK

Tidlegare deltakarrekord er på 1935 personar. Denne rekorden kan stå for fall i år, heiter det i ei pressemelding frå Skåla Opp.

Fleire kjende løparar stiller til start. Blant dei er fjorårsvinnarane: Annie Bersagel frå USA og Stian Angermund-Vik.

Fleire av deltakarane hevdar seg i verdstoppen i motbakkeløp, og det kan bli sett nye løyperekordar. Om det skulle skje vankar det rekordpremie på 120.000 kroner, ifølgje pressemeldinga.

Det 16. Skåla Opp går laurdag 19. august i Loen i Stryn kommune.

(©NPK)