Virus spreier seg på Facebook

Eit virus herjar på Facebook og spreier seg raskt igjennom meldingar sendt til venner. 

Eit virus som prøver å stele informasjon frå profilen herjar på Facebook.   Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Nyhende

Viruset oppretter meldingar som blir sendt til vennene dine på Facebook. Meldingane inneheld eit smileteikn med ei kort lenke. Lenka går til ei ekstern nettside, og det er ikkje heilt sikkert kva det gjer med brukaren. I prinsippet kan eit klikk inn på lenka vere nok til at hackarar kan ta over PC-en din, melder Nettavisen.

Brukarar som får viruset, sender det vidare til vennene sine. Viruset ser også ut til å leggje til eit programtillegg til Chrome, og dette må fjernast før problemet forsvinn.

– Skaden det gjer, er at det stel informasjon frå Facebook-profilen. Det installerer eit tilleggsprogram i nettlesaren som kan brukast til identitetstjuveri, seier IT-konsulent Jørund Heimholt i Datahjelperne til avisa.

Brukarar som er ramma, tilrådast å bytte passord på Facebook og fjerne funksjonen der du bruker sosiale medium som innlogging for tredjeparts appar og nettsider.

(©NPK)