Biletet er frå ein kontroll i Møre og Romsdal politidistrikt i juni.
            (Foto: Politiet)

Biletet er frå ein kontroll i Møre og Romsdal politidistrikt i juni.Foto: Politiet

Politiet åtvarar mot trimming – og varslar fleire kontrollar

Finn mopedar som går over 90 km/t

Det er det dobbelte av fartssperra.

Politiet i Møre og Romsdal seier i ei pressemelding at dei ønskjer å luke ut trimma mopedar, scooterar, lettsyklar og el-syklar.

Dei ber både eigarar og sjåførar om å ta ein ekstra sjekk gjennom eit autorisert verkstad dersom det oppstår tvil om køyretøyet er lovleg.

Avdekka manglar på 29 av 60 mopedar

Steven Blindheim, trafikkoordinator for Sunnmøre i politidistriktet, seier at dei avdekka manglar på heile 29 av dei 60 kontrollerte mopedane utanfor vidaregåande skular i Ålesund før sommarferien.

– Kontrollane våre har vist at teknisk stand på moped og lettsykkel må vektleggast mykje meir her på Sunnmøre, seier han.

Også eigarane pliktar å forvisse seg om at køyretøyet er i forskriftsmessig stand. Blindheim seier at dei ofte ser at det er mor eller far som er registrert eigar i vognkortet når sjåførane er i aldersgruppa 16–20 år.

– Potensielt livsfarleg

Politiet har gjort funn av mopedar på Sunnmøre som går over 90 kilometer i timen – det dobbelte av fartssperra. Dei har testa effekten av trimming, og har sett dei som har gått over 120 km/t.

– Når ein trimma moped kjem over 70 km/t og guten eller jenta bråbremsar, har vi ein potensielt livsfarleg situasjon. Om sjåføren er 75 kilo vil treffpunktet i 70 km/t vere på to tonn. Fleire mopedeigarar køyrer i tillegg med svært grove dekk, noko som igjen aukar farepotensialet, seier Blindheim.

EØS-reglane seier at ein moped skal ha ein motor på maks 50 kubikkcentimeter, og skal ikkje kunne køyrast raskare enn 45 km/t på flat veg. Slagvolum for lett motorsykkel skal høgst vere på 125 kubikkcentimeter.

Risiko for ulykker

Blindheim seier også at det er dei yngste mopedsjåførane med avgrensa opplæring som har minst erfaring, og som dermed er mest utsett for ulykker.

– Ein innehavar av sertifikat for lett motorsykkel har meir omfattande opplæring enn dei som har mopedsertifikat, men også sjåførane i denne klassen er av dei yngste og mest uerfarne, seier han. 

Bot og prikkar

Politiet i Møre og Romsdal seier at alle endringar som påverkar ytinga av eit køyretøy gir grunnlag for bot.

Dei som er mellom 16 og 18 får tre prikkar på førarkortet og eit forenkla førelegg på 5.350 kroner for trimming av moped.

Dersom ein er over 18 år og har eit ferskt førarkort i klasse B for personbil, får ein seks prikkar.

– Sjåførar som har hatt førarkort i klasse B i mindre enn to år, har førarkort på prøve og alle regelbrot gjev dobbelt så mange prikkar. Om du i ein treårsperiode får åtte prikkar mistar du førarkortet i eit halvt år og må ta ny førarprøve, opplyser politiet.

Forsikringa gjeld ikkje

Dei åtvarar også mot at forsikringa ikkje vil gjelde ved ulykker med trimma moped eller lettsykkel.

– Då kan det verte dyrt om du har skuld i skade på andre personar, køyretøy eller eigedom, seier Blindheim.

Dersom moped eller lettsykkel blir avskilta i kontroll, må den setjast tilbake i opphavleg teknisk stand. Deretter må den visast fram på trafikkstasjonen før den kan kome ut på vegen igjen. Dette medfører eit gebyr på 570 kroner dersom køyretøyet er trimma. Er det snakk om mindre utbetringar, som til dømes ei lykt som må rettast, skal tenesta på trafikkstasjonane vanlegvis vere gratis, opplyser politiet.

Vil kontrollere meir

No varslar Politiet i Møre og Romsdal at dei, saman med Statens vegvesen, vil ha fleire kontrollar framover seinsommaren og hausten i heile politidistriktet.

– Vi ønskjer å luke ut farlege køyretøy frå trafikken. Samstundes vektlegg vi kontakt med ungdommane slik at vi kan gi informasjon om kva dei kan utsette seg for. Dette er ein viktig del av det førebyggande trafikksikkerheitsarbeidet vårt, avsluttar Blindheim.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Kommunestyret vedtok torsdag å sende saka om legekontor på Hellesylt til handsaming i helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK).

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune skal onsdag avgjere om rutehefta i fylket kun skal finnast digitalt.

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Stranda kommune fekk avslag på søknad om tilskott til breidbandsutbytting frå Nasjonal Kommunikasjonsmyndigheit (NKOM).

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

I helga kan alle som er interesserte i stjernehimmelen få med seg den årlege meteorsvermen Orionidene.

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

Reguleringsplan for Lien Hyttegrend

Eigengodkjend for andre gong

Kommunestyret vedtok mot to stemmer igjen å eigengodkjenne reguleringsplanen for Lien Hyttegrend. Det førre vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen.

– Bli bøssebærar

– Meld dykk som bøssebærarar, er den klare oppmodinga frå aksjonskomiteen for TV-aksjonen.