Frå 1. januar 2020 kan Valldal og dei andre bygdene i Norddal og Stordal kome til å ligge i Fjord kommune.
(Foto: Arkiv)

Frå 1. januar 2020 kan Valldal og dei andre bygdene i Norddal og Stordal kome til å ligge i Fjord kommune. Foto: Arkiv

Norddal og Stordal slår seg saman:

Dette kan bli namnet på den nye kommunen

Leiar Eva Hove i Fellesnemnda for Norddal og Stordal skriv i ei pressemelding at den nye kommunen skal heite Fjord.

Etter at det blei bestemt at Norddal og Stordal skulle bli ein kommune frå 1. januar 2020, har innbyggjarane blitt inviterte til å kome med namneforslag. Blant dei over 60 forslaga som kom inn, hadde halvparten ordet «fjord» i seg – anten som forstaving eller som siste del av namnet, fortel Hove.

– Eit kommunenamn skal etter retningslinene vere unikt, det betyr at ein ikkje bør velje same namn som ein annan kommune. Storfjord kommune, som er brukt som arbeidstittel, vart derfor uaktuelt å gå vidare med, seier ho.

Identitetsstyrkande

Fellesnemnda har mellom anna valt namnet Fjord kommune på grunn av det geografiske området til kommunen.

– Alle bygdene ligg ved fjorden. Namnet seier noko om kvar vi er, og kva som kjenneteiknar omgivnadene våre. Det er viktig med tanke på å styrke vår eigen identitet, og det er viktig med tanke på å synleggjere og profilere kommunen vår overfor andre, ikkje minst med tanke på reiseliv. Namnet er eit godt norsk ord med kjent skrivemåte, noko som gjer det lett å bruke. Ingen kommunar har dette namnet i dag, og namnet vil kunne stå seg i generasjonar, skriv Hove i pressemeldinga.

Nemnda har også lagt vekt på å velje eit namn som ingen av dei to kommunane har ei sterkare tilknyting til enn den andre.

Skal vidare til kommunestyra

Forslaget skal no bli drøfta i eit felles kommunestyremøte 25. august, før dei to kommunestyra skal gjere sine vedtak. Til slutt må namneframlegget bli vedteke ved kongeleg resolusjon.

– Dersom dei to kommunane er samde om namn på den framtidige kommunen, skal det mykje til at dette namnevalet ikkje vert godkjent, avsluttar Hove.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Stigande vaniljepris gir dyrare is

Ein syklon på Madagaskar fører til høgare vaniljeprisar, noko som har ringverknader i iskremindustrien.

Cruisetrafikken og Geiranger

Ministermøte

Ordførar Jan Ove Tryggestad og representantar frå Stranda Hamnevesen skal møte klima- og miljøministeren 12. september.

Analytikarar ventar beste lakseresultat nokosinne

Sjømatanalytikarar forventar rekord når fleire av lakseselskapa legg fram kvartalsrapportane sine denne veka.

– Ei stor ære

Det seier Roger Furset, som søndag blei utnemnt til æresmedlem i Storfjordens Venner.

Monja Mjelva ved Hotel Union Geiranger:

Medlem i nytt samarbeidsråd for kultur og reiseliv

Ei av oppgåvene til den nye meiningsgruppa blir å gje råd til regjeringa, som ønskjer å lokke fleire kulturturistar til Norge.

Cruisetrafikken og Geiranger

Ministermøte

Ordførar Jan Ove Tryggestad og representantar frå Stranda Hamnevesen skal møte klima- og miljøministeren 12. september.

Stranda Feriesenter

Vil ha saka opp på ny

Siste ord om avslag på søknad om næringsstøtte til arkeologisk undersøking er ikkje sagt.

Fjord Trail Race

Stor innsats av Røde Kors

Røde Kors i Stranda hadde 31 frivillige på plass under Fjord Trail Race.

I regn og skodde

Imponerande tider i regnet

Jonathan Albon frå Bergen og England vann det lange Fjord Trail Race.

Matfestivalen

Er du ein matgründer?

Fylkesmannen ønskjer å delta i mobiliseringa av fleire lokalmatprodusentar.