Illustrasjonsfoto frå arkivet.
            (Foto: Bjørn Arild Hatlem)

Illustrasjonsfoto frå arkivet.Foto: Bjørn Arild Hatlem

Hamner går saman om tiltak for å betre miljøet

I ei pressemelding kan ein lese at fleire norske hamner no vil jobbe saman for å redusere miljøpåverknaden frå cruiseskip.

Dei planlegg å utarbeide verktøy for å kunne dokumentere utslepp til sjø og luft, avfallshandtering og energibruk frå skipa. Samarbeidspartnar i dette arbeidet er klassifikasjonsselskapet DNV GL.

– Verktøyet vil gi ein vurdering av skipa sin miljøpåverknad, og berekne ein miljøscore for kvart skip, står det å lese i pressemeldinga.

– Målet er å oppmuntre reiarlaga til å velje gode miljøløysingar. Det vil hamnene gjere ved å løne skipa som er best på dette ved å gi reduserte hamneavgifter.

Prosjektleiar er Even Husby i Bergen og omland havnevesen. Han seier at dei ønskjer å bidra til eit reinare miljø i hamnene, og at målet har vore å finne ei felles løysing som alle hamnene kan bruke.

Deltakarane i prosjektet er Stranda hamnevesen, Aurland hamnevesen, prosjektansvarlege Bergen og Omland Havnevesen, Stavangerregionen Havn, Oslo Havn, Ålesundregionens Havnevesen, Trondheim Havn, Norske Havner, Innovasjon Norge og Kystverket.

– Prosjektet tar utgangspunkt i behovet til ein del sentrale og store cruisehamner, men løysinga vil bli gjort tilgjengeleg for alle hamnar som ønskjer å bruke den, seier Husby.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Problem i trafikken

Snøkava held fram

Fleire vogntog har problem i trafikken på Stranda i morgontimane.

Fv. 63 Geiranger-Eidsdal

Open for trafikk

Rasferja Geiranger-Hellesylt

Ekstraavgangar søndag

Rasferja mellom Hellesylt og Geiranger:

Ny ekstraavgang laurdag

Fv. 63 Geiranger-Eidsdal:

Blir ikkje opna i dag

Turistbygda Geiranger

230 fastbuande att etter millionbesøk i sommar

Førjulsmorgon. Milde sommarvinder er blitt til kald vind, regn og sørpete vegar. Turistbygda har gått i dvale. Trudde vi.

Stranda:

Fotgjengar påkøyrd i gangfelt

Ei kvinne i 60-åra fekk moderate skader etter ein påkøyrsel ved Betel fredag ettermiddag.