Partileiarane Jonas Gahr Støre (Ap) og Erna Solberg (H) spelte på lag under Norway Cup 2017 på Ekebergsletta i Oslo. Kvifor kan dei ikkje berre gjere det i politikken også?
(Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix / NPK)

Partileiarane Jonas Gahr Støre (Ap) og Erna Solberg (H) spelte på lag under Norway Cup 2017 på Ekebergsletta i Oslo. Kvifor kan dei ikkje berre gjere det i politikken også? Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix / NPK

Barna får velje i år – og får eiga valveke

Nokre barn lurer på kvifor ikkje Høgre og Ap kan samarbeide. Dei er jo dei største – dei ville fått fleirtal for sakene sine, og forskjellane er ikkje så store?

Spørsmålet vart stilt til statsminister Erna Solberg (H) under opptaka til Barnas valshow, som blir lansert digitalt på måndag, saman med Redd Barna-satsinga Barnas val.

– Det er jo eit relevant spørsmål, seier politisk rådgjevar i Redd Barna Tirill Sjøvoll til NTB.

Ho er prosjektleiar for Barnas val, ein digital plattform med informasjon om det politiske systemet og dei norske partia. Her skal barn i 5. til 10. klasse i år kunne stemme digitalt på det partiet dei likar best. Valdagen er 7. september.

– Barna tør

– Hovudmålgruppa er barna, men vi trur at ein biverknad er at fleire kjem til å snakke om politikk ved middagsbordet. Mange av spørsmåla politikarane får på valshowa er nok spørsmål mange vaksne også har, men ikkje vil stille. Men barn tør å spørje, seier Sjøvoll.

Spørsmålet Solberg fekk om politisk samarbeid, illustrerer at det kan vere vanskeleg å skilje mellom politikk og prioriteringane til partia i Norge. Derfor har alle parti laga eit eige partiprogram retta mot barn, men som truleg kan appellere til fleire aldersgrupper.

Rett til å bli høyrde

– Programmet presenterer heile politikken til det enkelte partiet, ikkje berre det vi vaksne trur barn er opptatt av. Spørsmåla dei stiller, viser at barn er opptatt av det same som vaksne, og det er viktig at vi ikkje definerer tema for dei. Sjølv om ikkje barn har stemmerett, har dei rett til å bli høyrde, og det er det vi prøver å oppnå her, seier Sjøvoll.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Fakta om Barnas val
  • Digital plattform for barn og unge som skal presentere demokrati, val og Noregs politiske system på ein interaktiv og engasjerande måte.
  • Alle parti leverer eit partiprogram og ein videopresentasjon.
  • Det blir også lagt ut videoar av «Barnas valshow» der barn får stille spørsmål direkte til leiande politikarar.
  • I «Barnas valveke» frå 4. til 7. september, har alle barn i 5. til 10. klasse moglegheit til å stemme digitalt på det partiet dei meiner bør bestemme.
  • Torsdag 7. september er sjølve «Barnas valdag».
  • Fredag 8. september blir resultatet og vinnaren av Barnas val 2017 presentert.
  • Planen er at det skal haldast barneval også ved seinare val.
  • (Kjelde: Redd Barna)
Siste nyheter

Stigande vaniljepris gir dyrare is

Ein syklon på Madagaskar fører til høgare vaniljeprisar, noko som har ringverknader i iskremindustrien.

Cruisetrafikken og Geiranger

Ministermøte

Ordførar Jan Ove Tryggestad og representantar frå Stranda Hamnevesen skal møte klima- og miljøministeren 12. september.

Analytikarar ventar beste lakseresultat nokosinne

Sjømatanalytikarar forventar rekord når fleire av lakseselskapa legg fram kvartalsrapportane sine denne veka.

– Ei stor ære

Det seier Roger Furset, som søndag blei utnemnt til æresmedlem i Storfjordens Venner.

Monja Mjelva ved Hotel Union Geiranger:

Medlem i nytt samarbeidsråd for kultur og reiseliv

Ei av oppgåvene til den nye meiningsgruppa blir å gje råd til regjeringa, som ønskjer å lokke fleire kulturturistar til Norge.

Cruisetrafikken og Geiranger

Ministermøte

Ordførar Jan Ove Tryggestad og representantar frå Stranda Hamnevesen skal møte klima- og miljøministeren 12. september.

Stranda Feriesenter

Vil ha saka opp på ny

Siste ord om avslag på søknad om næringsstøtte til arkeologisk undersøking er ikkje sagt.

Fjord Trail Race

Stor innsats av Røde Kors

Røde Kors i Stranda hadde 31 frivillige på plass under Fjord Trail Race.

I regn og skodde

Imponerande tider i regnet

Jonathan Albon frå Bergen og England vann det lange Fjord Trail Race.

Matfestivalen

Er du ein matgründer?

Fylkesmannen ønskjer å delta i mobiliseringa av fleire lokalmatprodusentar.