Forurening Mange eldre crioseskip forureinar meir enn det som godt er, og regjeringa vil gjere tiltak.
(Foto: Svein Lunde)

Forurening Mange eldre crioseskip forureinar meir enn det som godt er, og regjeringa vil gjere tiltak. Foto: Svein Lunde

Stranda Hamnevesen

- Miljøkrav må gjelde alle

Stranda Hamnevesen meiner at miljøkrav som er planlagt å gjelde for Verdsarvfjordane utan tvil må gjelde for resten av landet og alle norske hamner.

- Det vil gje større miljøeffekt og ein vil unngå konkurransevridning mellom ulike destinasjonar, heiter det i ein samrøystees uttale frå styret i hamnevesenet.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen har tidlegare i sommar foreslått spesielle tiltak for å få fekk forureinande cruiseskip. Hamnevesenet er i prinsippet samd i at noko må gjerast, men har sine eigne innspel om kva.

Bruke tid

- Stranda Hamnevesen er positiv til fornuftige og kloke reguleringar som er basert på fakta. Når ein har fakta, kan ein skaffe seg verkty for å gjere dei rette tiltaka. Regjeringa må bruke nødvendig tid til å forankre slike miljøtiltak med destinasjonane, lokalsamfunna og næringa, samt ha størst mulig fokus på ei bærekraftig og verdiskapande utvkling.

Viktig verdiskaping

Hamnevesenet meiner elles at cruiseturisme er svært viktig for framtidig verdiskapning og attraktive arbeidsplassar. Denne næringa gir store positive ringvirkningar - Ikkje berre for lokalsamfunna, men for heile landet. Ein må derfor finne ein god balansegang der både miljø, sikkerheit og næringsutviking blir teke vare på.

Styreleiar kommenterer

- For oss er det viktig å få fram at vi ønsker å spele på lag, og ta miljøutfordringane på alvor, seier leiaren i Stranda Hamnevesen, Olav Bratland, i ein kommentar.

Hamnevesenet meiner at miljøkrav som gjeld heile landet vil gi langt større miljøeffekt, og ein vil unngå konkurransevriding mellom ulike destinasjonar.

Langsiktig plan

Talet på anløp av cruiseskip veit vi eitt til to år i førevegen slik at det er relativt oversiktleg å planlegge og regulere desse besøkande. Men det er først og fremst den landbaserte trafikken som er sterkt aukande i Geiranger, og det er summen av all trafikk som utfordrar miljøet, meiner Bratland.

Fornuftig regulering

- Derfor bør det vere i alle sin interesse at reguleringar er fornuftige og kloke og at desse er basert på fakta. Derfor bør Regjeringa bruke nødvendig tid til å forankre slike miljøtiltak med destinasjonane, lokalsamfunna og næringa, samt ha størst mogleg fokus på ein berekraftig og verdiskapande utvikling, meiner han.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Optimist Styreleiaren i hamnevesenet i Stranda, Olav Bratland, har stor tru på framtida til cruistrafikken i Geirangerfjorden. Her frå Hellesylt.
(Foto: Inge Fænn)

Optimist Styreleiaren i hamnevesenet i Stranda, Olav Bratland, har stor tru på framtida til cruistrafikken i Geirangerfjorden. Her frå Hellesylt. Foto: Inge Fænn

Siste nyheter

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Mykje skrål, lite ull

I går låg det ein liten lapp i postkassa vår ute på Fjørstad. Det er tid for kåring igjen, og det var då det gjekk opp for meg:

RENO-konkursen og ÅRIM

Konkurs byr på utfordringar

Reno-konkursen kan by på nokre utfordringar for drifta i ein kort fase før ein for til permantte løysingar.

Manifest mot mobbing

– Vi må vise oss som rollemodellar

Tilstandsrapporten om Stranda-skulen i kommunestyret vart til ein engasjert debatt om rolla kvar einskild strandar har som rollemodell for barn og unge.

1-5

Stranda tapte

Det vart tap også denne gongen for A-laget til Stranda

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Sunnylven

Sunnmørsstemne i helga

Hellesylt Ungdomslag arrangerer Sunnmørsstemnet for barn i helga.

Kommunestyret

Ny viltnemd i Stranda

Kommunestyret i Stranda vedtok i ettermiddag samrøystes ny viltnemd.

Sjukefråværet andre kvartal 2017

Stabilt sjukefråvær i fylket

Forvaltningsplan for rovvilt

Vil ha bort jerven