SNORKLIPPING: Snorklippinga for å markere den offisielle opninga av undervisningssenteret til vaksenopplæringa og flyktningtenesta vart gjort av ordførar Jan Ove Tryggestad.
(Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær)

SNORKLIPPING: Snorklippinga for å markere den offisielle opninga av undervisningssenteret til vaksenopplæringa og flyktningtenesta vart gjort av ordførar Jan Ove Tryggestad. Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Dolma: Ein velfylt buffé stod og venta på gjestene, med både iransk og syrisk mat. Ein typisk rett frå Syria er dolma – fylte vinblad med ris, kjøt og krydder.
(Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær)

Dolma: Ein velfylt buffé stod og venta på gjestene, med både iransk og syrisk mat. Ein typisk rett frå Syria er dolma – fylte vinblad med ris, kjøt og krydder. Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Opna undervisningssenter i Stranda

– Vi har sett fram til dette

– Dette er ein merkedag, erklærte ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp), då han tysdag offisielt opna undervisningssenteret til vaksenopplæringa.

Opninga vart markert med representantar frå både politisk leiing, administrativ leiing, næringsliv og andre sentrale aktørar i Stranda.

Vaksenopplæringa og flyktningtenesta har tolv elevar som vil få si undervising i norsk og samfunnsfag i dei nyopprusta lokala.

Merkedag

Sjølve snorklippinga for å markere opninga var det ordførar Tryggestad som stod for.

– Dette er viktig for integreringa. Då kommunestyret endeleg manna seg opp til å gjere eit vedtak om mottak av flyktningar, var tida overmoden. Både politisk og administrativ leiing i kommunen har sett fram til denne dagen, og det er ein merkedag. Språk er nøkkelen til god integrering, sa ordføraren.

A2B er leverandør av undervisingstenestene til kommunen, og dagleg leiar Waldemar Szyngwelski i A2B Norge nytta høvet til å skryte av arbeidet som blir gjort i Stranda.

– Namnet vårt, A2B, betyr «fra arbeidsledighet til beskjeftigelse». Det blir snakka mykje om Stranda, både her i Noreg og i morselskapet vårt i Danmark. Vi har eit godt samarbeid både med flyktningtenesta og med vaksenopplæringa i kommunen. Men òg frivillige og lokalt næringsliv er veldig viktige, sa Szyngwelski.

– Brenn for dette

Fleire representantar for lokalt næringsliv var spesielt inviterte til opninga, som ein takk for god tilrettelegging for flyktningane.

– Vi har berre gode røynsle med å ha personar i praksis hjå oss. Og dette er eit tema eg brenn veldig for, integrering er eit viktig tema, seier dagleg leiar i Kiwi Stranda Randi Tandstad.

– Ahmad Mahmoud byrja praksisen hjå oss i februar, og er no blitt så flink i norsk at han har byrja på vidaregåande. Så vi har fått ny praktikant, smiler Tandstad.

Freistande buffé

Når ein byr inn til fest, må ein sjølvsagt òg ha mat – og det stod ein bugnande buffé og venta på gjestane.

– Vi har mat både frå Syria og Iran i dag, og både menn og kvinner har vore travelt opptekne i framkant av opninga, smilte flyktningkoordinator Hanne Støylen.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Mykje skrål, lite ull

I går låg det ein liten lapp i postkassa vår ute på Fjørstad. Det er tid for kåring igjen, og det var då det gjekk opp for meg:

RENO-konkursen og ÅRIM

Konkurs byr på utfordringar

Reno-konkursen kan by på nokre utfordringar for drifta i ein kort fase før ein for til permantte løysingar.

Manifest mot mobbing

– Vi må vise oss som rollemodellar

Tilstandsrapporten om Stranda-skulen i kommunestyret vart til ein engasjert debatt om rolla kvar einskild strandar har som rollemodell for barn og unge.

1-5

Stranda tapte

Det vart tap også denne gongen for A-laget til Stranda

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Sunnylven

Sunnmørsstemne i helga

Hellesylt Ungdomslag arrangerer Sunnmørsstemnet for barn i helga.

Kommunestyret

Ny viltnemd i Stranda

Kommunestyret i Stranda vedtok i ettermiddag samrøystes ny viltnemd.

Sjukefråværet andre kvartal 2017

Stabilt sjukefråvær i fylket

Forvaltningsplan for rovvilt

Vil ha bort jerven