Til saman 67 myntar som blei funne på Sløgstad er blant det som er stole frå Universitetsmuseet i Bergen. (Foto: Universitetsmuseet i Bergen)

Til saman 67 myntar som blei funne på Sløgstad er blant det som er stole frå Universitetsmuseet i Bergen. Foto: Universitetsmuseet i Bergen

Frå Hauge i Sunnylven er det stole eit fireflika smykke (biletet) og to ovale spenner. (Foto: Universitetsmuseet i Bergen)

Frå Hauge i Sunnylven er det stole eit fireflika smykke (biletet) og to ovale spenner. Foto: Universitetsmuseet i Bergen

Stolen Denne armringen, som blei funne på Nesteberget. (Foto: Universitetsmuseet i Bergen)

Stolen Denne armringen, som blei funne på Nesteberget. Foto: Universitetsmuseet i Bergen

Stolen Denne spenna frå Ytterdal i Eidsdal. (Foto: Universitetsmuseet i Bergen)

Stolen Denne spenna frå Ytterdal i Eidsdal. Foto: Universitetsmuseet i Bergen

1 / 4

Lokale vikingskattar er stolne

Fleire mynter frå Sløgstad er borte

Ein armring frå Nesteberget er også blant skattane som er stolne frå Universitetsmuseet i Bergen.

Etter tjuveriet i august er blant anna 67 myntar frå Sløgstad, samt to ovale spenner og eit fireflika smykke frå Hauge i Sunnylven, forsvunne frå Universitetsmuseet i Bergen.


Tjuvane kan ha vore i museet i 1,5 timar

Universitetsmuseet i Bergen trur tjuvane kan ha hatt halvanna time på seg i museet og at profesjonelle står bak. Museet tar sjølvkritikk for manglande sikring.

Nærmare 400 gjenstandar, hovudsakleg frå vikingtida, blei stolne frå museumstårnet laurdag 12. august.

Så langt er ingen av gjenstandane komne til rette, og ein eller fleire gjerningspersonar er framleis på frifot, melder universitetsavisa På Høyden.

Oversiktskart

Museumsgjenstandane som er borte kjem frå Dønna i nord til Kristiansand i sør, men er hovudsakleg funne på Vestlandet.

Fleire av funna er gjort på Sunnmøre, kan ein sjå i På Høyden sitt oversiktskart. I nærområdet vårt er det òg forsvunne ei spenne frå Ytterdal (Eidsdal) i Norddal kommune.

I Fjordingen sitt nedslagsfelt finn ein mellom anna to skålforma spenner og eit nålehus frå Hornindal, samt eit hengesmykke, ei samling glasperler og ein nøkkel frå Stryn på lista over stolne gjenstandar.

– Viktige delar av kulturarven er borte

Instituttleiar i avdelinga for kunsthistorie ved Universitet i Bergen, Asbjørn Engevik, seier til Sunnmøringen at tjuveriet er ei tragedie.

Arkeolog og professor ved avdelinga, Liv Helga Dommasnes, seier til På Høyden at det er viktige delar av kulturarven vår som no er borte.

– Vi skal heller ikkje gløyme at dei stolne gjenstandane ikkje berre representerer vår eigen arv, men også arven til England, Skottland og Irland. Det gjeld «importsakene», som det gjerne heiter i litteraturen. Veldig mykje av det røva godset frå tidleg vikingtid var fine ting dei fann i kloster og kyrkjer når dei var på tokt. Mange av desse er truleg no stolne for andre gong – først av vikingane, så av tjuven eller tjuvane som slo til her, seier ho.

Ber alle halde utkikk

Bileta ein kan sjå øvst i denne saka, er dei same som museet har gitt til politiet.

Dei er delt på Facebook, der Universitetsmuseet kjem med følgjande oppfordring:

– Hald utkikk etter kulturarven vår på Finn.no, loppemarknad, bruktmarknad, den mørke marknaden eller rett og slett berre rundt omkring i Bergen by.

Forskar: Stolne vikinggjenstandar vanskelege å selje

Ein «Game of Thrones»-effekt har ført til auka popularitet for vikinggjenstandar, men dei kan ikkje seljast på den opne marknaden, seier forskar.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Fakta om innbrotet
  • Nesten 400 museumsobjekt er stolne frå Universitetet i Bergen.
  • Gjenstandane er hovudsakeleg frå jernalderen (500 f.Kr til 1030 e.Kr), og særleg frå perioden vikingtid (800-1030 e.Kr.).
  • Innbrotet skjedde truleg laurdag 12. august. To alarmar blei løyst ut denne kvelden.
  • Tjuvane kom seg inn via eit stillas. Dette var sett opp i forbindelse med utvendig oppussing av museumstårnet.
  • Kjelde: Universitetet i Bergen
Siste nyheter

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Mykje skrål, lite ull

I går låg det ein liten lapp i postkassa vår ute på Fjørstad. Det er tid for kåring igjen, og det var då det gjekk opp for meg:

RENO-konkursen og ÅRIM

Konkurs byr på utfordringar

Reno-konkursen kan by på nokre utfordringar for drifta i ein kort fase før ein for til permantte løysingar.

Manifest mot mobbing

– Vi må vise oss som rollemodellar

Tilstandsrapporten om Stranda-skulen i kommunestyret vart til ein engasjert debatt om rolla kvar einskild strandar har som rollemodell for barn og unge.

1-5

Stranda tapte

Det vart tap også denne gongen for A-laget til Stranda

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Sunnylven

Sunnmørsstemne i helga

Hellesylt Ungdomslag arrangerer Sunnmørsstemnet for barn i helga.

Kommunestyret

Ny viltnemd i Stranda

Kommunestyret i Stranda vedtok i ettermiddag samrøystes ny viltnemd.

Sjukefråværet andre kvartal 2017

Stabilt sjukefråvær i fylket

Forvaltningsplan for rovvilt

Vil ha bort jerven