Undersøkinga er basert på månadlege telefonintervju av 1.000 personar i eit nasjonalt representativt utval frå januar til juni. (Foto: Marit Hommedal / Scanpix)

Undersøkinga er basert på månadlege telefonintervju av 1.000 personar i eit nasjonalt representativt utval frå januar til juni. Foto: Marit Hommedal / Scanpix

1 / 1

Heilt typisk ditt parti

Nær kvar tredje SV-veljar lever i ein husstand med over 1 million i samla inntekt. Delen sjølvstendig næringsdrivande er større i MDG enn i Høgre og Venstre.

Det er to av funna i ei samanstilt undersøking om veljartypar som Ipsos har utført på oppdrag frå NTBs dotterselskap Nyhetsgrafikk.

Av undersøkinga går fram det at delen kvinnelege veljarar er størst i Arbeidpartiet med 60 prosent, følgt av KrF med 58 og SV med 57 prosent. Dei mest mannsdominerte partia er Frp og Miljøpartiet Dei Grøne der høvesvis 73 og 67 prosent av veljarane er menn.

Eldst i sentrum

Godt og vel halve veljarmassen til Venstre, Raudt, SV og MDG er under 40 år. Størst konsentrasjon av eldre veljarar finn vi i KrF, der 36 prosent er over 60 år. På plassen bak følgjer Senterpartiet, der 33 prosent har fylt 60.

Snittalderen blant veljarane er høgast i Sp, KrF og Frp med 51,6 år. Lågast er den i MDG og Venstre med 41,8 år.

Skilde Frp-arar

Skilsmissestatistikken blir toppa av Frp, der 13 prosent oppgir å vere fråskilt eller separert. Denne delen er lågast i KrF, med 4 prosent.

Delen gifte veljarar størst i KrF med 65 prosent, mens SV og Raudt har flest sambuarar, med høvesvis 27 og 29 prosent. Delen ugifte er størst i MDG med 40 prosent.

Delen barnerike familiar er også størst i KrF, der 13 prosent oppgir at husstanden har tre eller fleire heimebuande barn. Lågast er delen i Raudt, der 3 prosent av veljarmassen har tre eller fleire barn.

Sjølvstendige i MDG

Noko overraskande er det kanskje at delen sjølvstendig næringsdrivande er størst i MDG med 18 prosent, sjølv om Frp følgjer hakk i hæl med 17 og Senterpartiet med 16. I gründerpartiet Venstre er delen sjølvstendige 13 prosent, mens Ap har den lågaste representasjonen – 5 prosent.

Delen offentleg tilsette er størst i SV, der 62 prosent oppgir at dei jobbar i stat eller kommune. For Ap er talet 50 prosent, mens delen berre er 19 prosent blant Frp-veljarar.

Deltid i KrF

Delen heiltidstilsette er størst i Raudt med 65 prosent, følgt av Høgre med 54 prosent. KrF har størst del deltidstilsette med 23 prosent, følgt av Ap og SV som begge har 17.

Arbeidarpartiet har den største delen ufaglærte arbeidarar med 19 prosent, tett følgt av MDG med 18 prosent. Faglærte arbeidarar er det flest av i Frp og Sp, med høvesvis 43 prosent og 41 prosent.

Utdanning

Delen veljarar med universitets- eller høgskuleutdanning på høgare nivå er størst i SV og Venstre med 39 prosent. Så vel KrF- som MDG-veljarar har ein høgare del høgt utdanna veljarar enn Høgre.

Lågast del med høg utdanning finn vi i Frp og Senterpartiet, der høvesvis 10 og 17 prosent har universitets- eller høgskuleutdanning på høgare nivå.

Blant Frp-veljarane er ein høgare del lågt utdanna enn i andre parti. 7 prosent oppgir at dei berre har folkeskuleutdanning, og 45 prosent har ikkje utdanning utover vidaregåande skule. Sp og Ap følgjer på plassane bak, med høvesvis 39 og 37 prosent.

Rikast i Høgre

Den største delen med velståande veljarar finn vi i Høgre og Venstre, der 14 og 12 prosent oppgir at husstanden har ei samla bruttoinntekt på over 1,5 millionar kroner i året.

Men når det det gjeld inntekter på mellom 1 og 1,5 millionar kroner, er delen høgare i SV (28 prosent) enn i Høgre (26 prosent). Høgast del lågtlønte finn vi i MDG, der 16 prosent oppgir ei samla inntekt for husstanden på mellom 200.000 og 300.000 kroner.

Geografi

Fordelt på geografi, er delen veljarar frå Nord-Noreg størst i SV med 19 prosent og lågast i Høgre med 6 prosent. Med ein del på 20 prosent har Senterpartiet eit godt grep om Trøndelag og Midt-Noreg, mens Frp har den største delen vestlendingar med 29 prosent.

MDG har 51 prosent av sine veljarar på Austlandet, mens Raudt har solid konsentrasjon i Oslo – der 19 prosent av veljarane oppheld seg.

Undersøkinga er basert på månadlege telefonintervju av 1.000 personar i eit nasjonalt representativt utval frå januar til juni.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember