Vyborghjelpen

Vyborghjelpen

Russisk møte på bedehuset

"Hjelp oss å hjelpe" seier representantane for Vyborghjelpen. Komande søndag kveld fortel om Russland på Stranda bedehus.

-Å få vere med i dette arbeidet har gitt oss mykje. Det trur vi også andre som trufast har vore med opplever, seier Jon Teigen og Johannes Stokke. Dei er to av eldsjelene til det som starta som feriereiser til Russland for nærare 25 år sidan.

Åndeleg og materiell hjelp

Situasjonen i nabolandet i øst har forverra seg dei siste åra, spesielt for barn og eldre. Vyborghjelpen har støtta og gitt eit handslag til desse i 22 år.  Dei har støtta ein barneheim og eit sjukehus. Hjelp til eit evangeliesenter for rusavhengige kvinner og menn har også vore eit viktig del av dette frivillige arbeidet, som hjelper både åndeleg og materielt.

Starta som feriereise

Det som starta med feriereiser til Finland i 1993, er blitt turar med hjelpesendingar eit par gongar i året. Kvar buss kan ta opp til 25 deltakarar. Resten av bussen blir fylt med 25 kubikkmeter med hjelpesending som er det maksimale av slike grupper kan ta med seg utan å måtte fortolle det ved grensa.

Ny tur

I november drar to bussar med ca. 50 gjester austover med brukte klede, medisinsk utstyr, matkasser og anna som de ber om hjelp til å skaffe seg. Denne veka er det fire basarar og fire Vyborg-kveldar rundt om på Sunnmøre. Ein av dei er altså på Stranda bedehus søndag kveld.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Mykje skrål, lite ull

I går låg det ein liten lapp i postkassa vår ute på Fjørstad. Det er tid for kåring igjen, og det var då det gjekk opp for meg:

RENO-konkursen og ÅRIM

Konkurs byr på utfordringar

Reno-konkursen kan by på nokre utfordringar for drifta i ein kort fase før ein for til permantte løysingar.

Manifest mot mobbing

– Vi må vise oss som rollemodellar

Tilstandsrapporten om Stranda-skulen i kommunestyret vart til ein engasjert debatt om rolla kvar einskild strandar har som rollemodell for barn og unge.

1-5

Stranda tapte

Det vart tap også denne gongen for A-laget til Stranda

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Sunnylven

Sunnmørsstemne i helga

Hellesylt Ungdomslag arrangerer Sunnmørsstemnet for barn i helga.

Kommunestyret

Ny viltnemd i Stranda

Kommunestyret i Stranda vedtok i ettermiddag samrøystes ny viltnemd.

Sjukefråværet andre kvartal 2017

Stabilt sjukefråvær i fylket

Forvaltningsplan for rovvilt

Vil ha bort jerven