Registrert Jørgen Nygård (85) er sjølvsagt i manntallet. Han har røysta sidan han vart myndig som 21-åring.
            (Foto: Johan Behrentz)

Registrert Jørgen Nygård (85) er sjølvsagt i manntallet. Han har røysta sidan han vart myndig som 21-åring.Foto: Johan Behrentz

Jørgen Nygård (85)

Gjorde borgarplikta

-Eg har røysta i alle år, og gjer det igjen.

Jørgen Nygård (85) var ikkje i tvil om at han skulle røyste ved Stortingsvalet også i år. Heilt sidan han hadde lov til å røyste som 21-åring, har han nytta borgarplikta si.

Politikarar lovar

Stortingsvalet 2017

Fleire vel å stemme tidleg

Ein dag før fristen går ut, er talet på førehandsrøyster i Stranda kommune allereie høgare enn det var i dei to føregåande vala.

-Kva meiner du om valkampen?

-Politikarane lovar og lovar, men vi veit ikkje om det blir noko av lovnadene, seier Jørgen. Han har prøvd å gjere seg kjend med politikiarane frå alle parti gjennom valsendingane.

Nokre minutt før vallokalet opna kl. 09.00 stilte han seg ved hovuddøra ved Storfjord Kulturhus. Sonen Bjørn Helge hadde køyrd han til vallokalet, der det etter kvart kom fleire og stilte seg i kø.


Fryktar angrep mot valsystema

Kommunaldepartementet skjerpar sikkerheita rundt datasystema i samband med valet og pålegg alle kommunar å telje alle stemmer manuelt.


Veit kva han vil

Nøyaktig kl. 09.00 opna den daglege leiaren for kulturhuset, Sigurd Drege, dørene og som førstemann vart Jørgen ønskt velkomen av valansvarleg Evelyn Omenås. Deretter bar det inn i vallokalet og avlukket der røystesetlane låg. Jørgen har førebudd seg grundig. Valkortet og legitimasjonen var klar, og besøket i avlukket tok berre nokre sekund.

– Er det vanskeleg å bestemme seg?

– Nei. Eg røyster det same som eg alltid har gjort.

-Og det er?

– Nei det er hemmeleg, smiler han lurt før han før registrert seg.

Tradisjonsrik urne

Deretter går han høgtideleg til den 118 år gamle røysteurna og slepper røystesetelen ned. Marianne Omenås og Evelyn Omenås kontrollerer at alt går riktig føre seg.

Så er det gjort. Røystesetelen til Jørgen blir telt opp etter kl. 21.00 i kveld, og då vil vi etter kvart få vite kva andre borgarar har røysta.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Røysta Jørgen Nygård er ikkje i tvil om at han skal røyste, og kva han skal røyste.
            (Foto: Johan Behrentz)

Røysta Jørgen Nygård er ikkje i tvil om at han skal røyste, og kva han skal røyste.Foto: Johan Behrentz

Avlukke Eli Rødseth Berg syner Jørgen inn i avlukket der røystesetlane ligg.
            (Foto: Johan Behrentz)

Avlukke Eli Rødseth Berg syner Jørgen inn i avlukket der røystesetlane ligg.Foto: Johan Behrentz

Siste nyheter

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember