Valldal

Mann arrestert i politiaksjon

Melding til politiet resulterte i at fleire patruljar blei sendt til Valldal, måndag formiddag.

Ein mann er arrestert i ein politiaksjon i Valldal, måndag formiddag. Politiet er foreløpig tilbakehaldne med opplysningar, men oppdragsleiar Finn Saltskår fortel dette til smp.no ved 12.30-tida:

Har kontroll

– Vi fekk ei melding hit klokka 10.40 som var av ein slik art at vi valde å aksjonere. Fleire politipatruljar blei sendt ut, og vi har nå kontroll på ein person – ein mann, som vi ønsker å snakke meir med.

Saltskår ønsker foreløpig verken å si noko om kva det er som skal ha skjedd, om nokre er skadd i forbindelse med det som har skjedd, om politiet valde å væpne seg eller om det er beslaglagt våpen.

Etterforskar

– Men arrestasjonen skjedde utan dramatikk, seier han.

– Utandørs?

– Det kan eg heller ikkje si noko om nå. Vi er i ei tidleg fase i saka, seier Saltskår.

Ifølge politiet blir det gjort fleire etterforskningsskritt på staden.


Smp.no var i kontakt med Saltskår igjen i 13.30-tida.

– Vi driver framleis og etterforskar saka. Per nå vil vi ikkje uttale oss noko vidare om den, sa operasjonsleiaren da og vil ikkje uttale seg noko nærare.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember