nøgd: Ordførar Jan Ove Tryggestad meiner mange tilsette i kommunen fortener ros for budsjettdisiplin   i året som ligg bak.
Foto: Johan Behrentz
            (Foto: Johan Behrentz)

nøgd: Ordførar Jan Ove Tryggestad meiner mange tilsette i kommunen fortener ros for budsjettdisiplin i året som ligg bak. Foto: Johan BehrentzFoto: Johan Behrentz

Stortingsvalet

- Sp vann valet, men tapte makta

Senterpartiet er det største partiet i Stranda.

Det syner valresultatet i kommunen. Partiet har gått fram 8,5 prosentpoeng (pp) i høve stortingsvalet for fire år sidan.

Borgarleg regjering

På landsplan går det mot fire nye år med borgarleg regjering. Både Frp og Høgre har halde skansen, men kan ikkje lenger lene seg mot samarbeid med KrF og Venstre, som såvidt berga seg over sperregrensa. Senterpartiet går kraftig opp i høve stortingsvalet for fire år sidan.


Møre og Romsdal: Høgre er størst

Høgre går tilbake 2,6 prosentpoeng i Møre og Romsdal, men ligg likevel an til å bli største parti.


- Vi vann valet, men  får ikkje posisjon. Det skal likevel ikkje bli lett for den borgarlege regjeringa, seier ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) til Sunnmøringen. Tryggestad er svært glad for at Senterpartiet har fått så stor oppslutnad i Stranda.

Massiv valkamp

Jubel Frank Sve jublar over framgangen til Frp.
            (Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten)

Jubel Frank Sve jublar over framgangen til Frp.Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten

-Stortingsval er ein ting. Lokalval er noko anna. Resultatet er overraskande, sett på bakgrunn av den massive valkampen som Frp har gjort i Stranda med besøk av to Frp-statsrådar, seier Tryggestad. Han trur grunnen er at folk flest er lei av reformiveren til den sitjande regjeringa.

Liten nedgang i valdeltakinga

Valdeltakinga ved stortingsvalet var 77,6 prosent. Det er ein nedgang på 0,6 prosentpoeng. 


Ved 22-tida var 2412 røyster talde opp i Stranda og resultatet syner at Senterpartiet det største partiet i kommunen med 24,5 prosent. Partiet har fått 589 røyster. Frp har 22,8 prosent med 549 røyster. Sidan fylkestingsvalet for to år sidan har Frp gått attende med 9,4 pp, medan Sp har gått attende med berre  0,3 pp.

Frammøteprosenten i Stranda er på 77,3 prosent.

Høgre går attende og er på 21,3 prosent og ned 4,8 pp i høve stortingsvalet for fire år sidan. I høve fylkestingsvalet for to år sidan går Høgre fram med heile 9,5 pp, om lag like mykje som Frp går attende.

Arbeiderpartiet har 16,1 prosent av røystene i Stranda og går ned 4,8 pp sidan siste stortingsval, men har styrkt seg i høve fylkestingsvalet (+0,8 ) .

SV opp

Kristeleg Folkeparti har fått 6,6 prosent av røystene, ned 2,9 pp i høve det siste stortingsvalet.

Sosialistisk Venstreparti har ein oppslutnad på 2,7 prosent og opp 1 pp sidan stortingsvalet for fire år sidan.

Venstre har ein oppslutnad på 2,5 prosent og ned 2,2 pp sidan stortingsvalet.

Sjå heile lista HER



Listhaug veit ikkje om ho held fram som statsråd

Sylvi Listhaug (Frp) veit ikkje om ho held fram i jobben som innvandrings- og integreringsminister eller om ho «berre» blir stortingsrepresentant.



Høgre har gjort eit godt val i Møre og Romsdal, og berga sitt 3.mandat. Også Frp har gjort det svært godt i Møre og Romsdal, der partiet har kunna drive valkamp med to statsrådar.

Fylkesleiar Frank Sve i Frp kallar det heile fantastisk, og ekstremt. Han seier til Sunnmørsposten at partiet er godt nøyd med ein gjennomført valkamp.

Lokallaga med

- Vi har klart å dra med oss alle lokallaga, og gjennomføringa har vore kjempegod. Dersom dette slår til, trur jeg folk har fått med seg hva vi har fått til, både i regjering og i fylket og i kommunene, seier Sve.

Godt val for Sp

Sogn og Fjordane: Sp forbi Ap

Senterpartiet går fram 9,2 prosentpoeng og blir største parti i Sogn og Fjordane.

 


Valgdirektoratet: – Ikkje teikn til noko unormalt

Det er ingen teikn til at nokon har prøvd å gjere inngrep i valsystema, seier Valgdirektoratet.

 
Meir å lese på Sunnmøringen:
Jubel Frank Sve jublar over framgangen til Frp.
            (Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten)

Jubel Frank Sve jublar over framgangen til Frp.Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten

Siste nyheter

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

PR-kampanje kan ha bidrege til å løysa viking-tjuveri i Bergen

Tjuveriet av vikingskattar frå Universitetsmuseet i Bergen vekte merksemd også i utlandet. Ein aktiv PR-strategi kan ha vore med på å løysa saka.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember