Framme f.v. Per Ingebrigt Karbø, Ivar Fivelstad og Magne Brekke. Andre rekke f.v. Annvor Tryggestad, Rita Rudning Røyrhus og Stig Tryggestad i Sparebanken Møre avdeling Hellesylt.
            (Foto: Anniken Westad)

Framme f.v. Per Ingebrigt Karbø, Ivar Fivelstad og Magne Brekke. Andre rekke f.v. Annvor Tryggestad, Rita Rudning Røyrhus og Stig Tryggestad i Sparebanken Møre avdeling Hellesylt.Foto: Anniken Westad

Fleirbruksanlegget i Hyttehola

Fekk 700.000 i støtte

Det var tre overvelda idrettsleiarar som tysdag ettermiddag kunne ta imot heile tre sjekkar frå banksjefen på Hellesylt.

Stig Tryggestad i Sparebanken Møre hadde sagt under den årlege utdelinga av gåvemidlar på Hellesyltdagane i sommar at dei trengde litt lenger tid på å behandle søknaden frå Sunnylven Idrottslag og Sunnylven skyttarlag – som har gått saman om å ruste opp anlegget i Hyttehola.

Men verken leiaren i Sunnylven idrottslag, Per Ingebrigt Karbø, leiaren i skiskyttargruppa Magne Brekke eller leiaren i skyttarlaget, Ivar Fivelstad, hadde sett føre seg at beløpet skulle kome opp i heile 700.000 kroner.

Utdeling i tre omgangar

Tryggestad fekk hjelp av Annvor Tryggestad og Rita Rudning Røyrhus, som begge jobbar som rådgjevarar i banken på Hellesylt, til dele ut midlane. Først gav dei 100.000 kroner til oppgraderinga av speakerbua, og deretter 100.000 øyremerkt den nye trakkemaskingarasjen. Til slutt fekk prosjektet også eit bevis på at dei er tildelt 500.000 kroner – noko som blei møtt med applaus av dei frammøtte.

– Det vi sette veldig stor pris på med arbeidet i Hyttehola, er at det er to lag som har gått saman om å bygge dette anlegget. For ei lita bygd som Hellesylt er dette kjempepositivt, sa Stig Tryggestad.

Treng dugnadshjelp

Medan både den nye bua og garasjen er ferdigstilt, er dei to laga godt i gang med bygginga av eit nytt klubbhus.

Det har gått frå å vere brakker utan garderobe og sanitæranlegg, til 330 splitter nye kvadratmeter som rommar skytestandplass og smørebu, lager til utstyr, garderobe, to dusjar, tre toalett, teknisk rom, kontor, kjøkken og varmestue.

Målet er å vere ferdige til jul. Skal dei få til det, sa Brekke, er dei avhengige av mykje dugnadshjelp utover hausten.

– Ein skal ikkje vere redd for å bidra om ein ikkje meistrar til dømes snikkaroppgåver, for her mykje forskjellig som skal på plass, sa leiaren i skiskyttargruppa.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

PR-kampanje kan ha bidrege til å løysa viking-tjuveri i Bergen

Tjuveriet av vikingskattar frå Universitetsmuseet i Bergen vekte merksemd også i utlandet. Ein aktiv PR-strategi kan ha vore med på å løysa saka.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember