Ottar Grepstad og Nynorsk kultursentrum meiner resultatet etter stortingsvalet kan styrkje posisjonen til nynorsken.
            (Foto: Lars O. Flydal / Nynorsk kultursentrum)

Ottar Grepstad og Nynorsk kultursentrum meiner resultatet etter stortingsvalet kan styrkje posisjonen til nynorsken.Foto: Lars O. Flydal / Nynorsk kultursentrum

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum:

Meiner valresultatet kan styrkje nynorskpolitikken i Stortinget

– Framgangen for dei fleste opposisjonspartia og Venstre og KrF over sperregrensa gir grunn til optimisme. Dei partia som har programfesta den beste nynorskpolitikken for åra 2018–2021, står samla sterkare no. Nynorsk kultursentrum ønskjer eit godt samarbeid med alle partia i Stortinget, og det arbeidet tek til med statsbudsjettet for 2018, seier Ottar Grepstad i ei pressemelding.

Få nynorskbrukarar, men mange nynorskpolitikarar

Nynorsk kultursentrum har identifisert 21 nynorskbrukarar i det nye Stortinget, like mange som blei refererte på nynorsk 2013–2017. Dei er valde inn frå åtte fylke frå Troms i nord til Telemark og Rogaland i sør. I alle stortingsgrupper med meir enn ein representant blir minst ein referert på nynorsk.

– Nynorskbrukarane landet rundt treng tydelege representantar som Terje Breivik (V), Tore Storehaug (KrF), Liv Signe Navarsete (Sp), Torgeir Knag Fylkesnes (SV), Hadia Tajik (Ap), Helge André Njåstad (Frp) og Solveig Abrahamsen (H), seier Grepstad.

– Det er viktig at både statsrådar og mange stortingsrepresentantar bruker nynorsk. Norsk språkpolitikk treng også nøkkelpersonar i ulike parti som brenn for tiltak som kan fremje språkleg jamstilling. Vi vonar dei vil samarbeide på tvers av partigrenser på ein slik måte at det blir fleirtal for tiltak som gjer det lettare å vere nynorskbrukar, seier Grepstad.

Regjeringa har svikta

Direktøren er kritisk til den språkpolitikken regjeringa Solberg har ført 2013–2017.

– Den elles så reformvillige regjeringa prioriterte aldri kulturpolitikk og fremja ikkje sjølv ei einaste sak som kunne gi nynorskbrukarane betre vilkår. Dei positive vedtaka som kom, dreiv Venstre og Kristeleg Folkeparti fram med støtte frå nøkkelpersonar i Høgre. For 2018–2021 har Høgre heldigvis moderert eigen språkpolitikk, seier Ottar Grepstad.

Meldinga til det nye Stortinget frå Nynorsk kultursentrum er klar:

– Stortinget bør ikkje sitje stille i fire år til og la regjeringa sjå bort frå det lovfesta kravet om ei stortingsmelding kvart fjerde år om bruken av nynorsk i offentleg forvaltning. Valresultatet inviterer Stortinget til å ta tilbake styringa over norsk språkpolitikk, seier Grepstad.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

PR-kampanje kan ha bidrege til å løysa viking-tjuveri i Bergen

Tjuveriet av vikingskattar frå Universitetsmuseet i Bergen vekte merksemd også i utlandet. Ein aktiv PR-strategi kan ha vore med på å løysa saka.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember