Miljø Det er usikkert kva miljøkrav som blir stilt til cruisetrafikken i framtida.
            (Foto: Anniken Westad)

Miljø Det er usikkert kva miljøkrav som blir stilt til cruisetrafikken i framtida.Foto: Anniken Westad

Cruisetrafikk

Positivt møte om miljøkrav

– Eg opplever at klima- og miljøvernministeren lyttar til våre argument omkring miljøkrav i verdsarvfjordane.

Det seier ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) til Sunnmøringen etter at han i dag møtte Vidar Helgesen i Oslo. Tema på møtet var dei framtidige miljøkrava til cruiseskip som skal ferdast langs norskekysten.

Redusere tal på skip

Helgesen har tidlegare kome med innspel for å redusere talet på dei mest forureinande skipa i verdsarvfjorden. Stranda kommune er heilt samd i at noko må gjerast for å få reinare verdsarvfjord, men åtvarar mot å gjere tiltak som kan virke konkurransevridande.

Vil ha handling

– Krava må gjelde heile kysten, seier Jan Ove Tryggestad til Sunnmøringen.

– Er miljøvernministeren samd i det?

– Han er i alle fall veldig «på» saka og vil ha handling. Sjøfartsdirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide ein tiltaksplan, som blir sendt ut på høyring. Planen skal etter kvart bli ei forskrift. Det blir kanskje noko «opp og fram» til alt er på plass, men eg opplever at saka blir tatt alvorleg, seier Tryggestad.

Arbeid i vinter

– Når vil desse føreskriftene kome?

– Målet er i 2020, og vi vil bruke vinteren til å gje eit svar på den høyringa som kjem, seier Tryggestad.

– Stranda kommune har sett i gang ei utgreiing om krav til konsesjonar for ferjer og båtruter. Korleis tenkjer de dette arbeidet opp mot tiltak for cruisetrafikken?

Stille eigne krav

– Skal vi stille krav til cruisetrafikken, må vi også ha krav om mindre utslepp frå dei mindre båtane som trafikkerer i fjordane, seier Jan Ove Tryggestad.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Ordførar:  Jan Ove Tryggestad frå Stranda Senterparti.
            (Foto: Bjørn Arild Hatlem)

Ordførar: Jan Ove Tryggestad frå Stranda Senterparti.Foto: Bjørn Arild Hatlem

Siste nyheter

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

PR-kampanje kan ha bidrege til å løysa viking-tjuveri i Bergen

Tjuveriet av vikingskattar frå Universitetsmuseet i Bergen vekte merksemd også i utlandet. Ein aktiv PR-strategi kan ha vore med på å løysa saka.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember