Reiselivssjefen i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre:

– Mykje tyder på at det har vore ein rekord-sommar

Illustrasjonsbilete frå arkivet.

Nyhende

– Når ein legg saman besøkstala for alle overnattingsvariantane (hotell, sesongcamping, hytter, telt/campingvogn og bubil) på heile Sunnmøre i månadane mai, juni og juli har vi hatt ein vekst på 6,3 % mot 2016, skriv Tom Anker Skrede i eit nyheitsbrev. 

Tala for august er ikkje klare, men Skrede seier at signala for også denne månaden er gode.

– Dette er eit svært godt resultat når vi veit at 2016 òg var eit betydeleg rekordår. Spesielt spennande er det å sjå at Asia elles, USA, Storbritannia og Kina alle er blant dei 8 største marknadane.