Fjord I dag er Liabygda (nærast) ein del av Stranda på andre sida av fjorden. Det kan det bli ei endring på. (Foto: Johan Behrentz)

Fjord I dag er Liabygda (nærast) ein del av Stranda på andre sida av fjorden. Det kan det bli ei endring på. Foto: Johan Behrentz

Liabygda vil ha avklaring

Opnar for Fjord kommune

Liabygda Vel ønsker å høyre kva Stranda kommune meiner om tilhøvet til den nye Fjord Kommune.

– Vi ønsker å høyre kva kommunen tenkjer om Liabygda sin situasjon etter at kommunane Norddal og Stordal har valt å slå seg saman til Fjord kommune, seier leiaren for Liabygda Vel, Egil Stavseng, til Sunnmøringen.


Frå Liabygda til Fjord

Stranda kommune har spurt kommunane Stordal og Norddal om eit eventuelt kjøp av skuleplassar for elevane frå Liabygda er mogleg.


Djupe band

Liabygda, som har høyrd til Stranda sidan 1892, då kommunen vart utskilt frå Stordal, blir liggjande midt i den nye Fjord kommune, og det er for tida ein korrespondanse mellom fylkesmannen og Kommunal og moderniseringsdepartementet omkring bygda. Jørgen Teslo i departementet har bede om informasjon om grunnkretsen Liabygda, og fylkesmannen har sendt informasjon om avtalen mellom kommunane Norddal og Stordal og grenser.

Prosess

«Hvilken kommunikasjon foreligger vedrørende en evt grensejustering? Hva er kommunens tanker om Liabygdas tilhørighet? Hva kan en forvente av prosess fremover?» spør Liabygda Vel i eit brev til Stranda kommune.

Ber om hjelp

«Vær så snill og hjelp oss å få oversikt over situasjonen, spill med åpne kort og involver bygda i prosesser som vedgår bygdas fremtid», skriv Velforeininga.

Egil Stavseng seier til Sunnmøringen at ein først vil høyre kva kommunen seier. I neste omgang kan det bli aktuelt å søke om å rive seg laus frå Stranda og bli ein del av Fjord.

Eldre vil bli

– Den eldre generasjonen er nær knytt til Stranda, men fleirtalet av dei unge familiane ønsker seg til den nye kommunen, seier Stavseng, som strekar under at dette ikkje skuldast noko form for uvilje mot Stranda.,

Meir å lese på Sunnmøringen:
Tradisjon Liabygda har vore i Stranda kommune sidan 1892.
(Foto: Johan Behrentz)

Tradisjon Liabygda har vore i Stranda kommune sidan 1892. Foto: Johan Behrentz

Forsvinne Dette skiltet i Liabygda vil bli tatt bort om bygda blir ein del av Fjord kommune.
(Foto: Johan Behrentz)

Forsvinne Dette skiltet i Liabygda vil bli tatt bort om bygda blir ein del av Fjord kommune. Foto: Johan Behrentz

Siste nyheter

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Mykje skrål, lite ull

I går låg det ein liten lapp i postkassa vår ute på Fjørstad. Det er tid for kåring igjen, og det var då det gjekk opp for meg:

RENO-konkursen og ÅRIM

Konkurs byr på utfordringar

Reno-konkursen kan by på nokre utfordringar for drifta i ein kort fase før ein for til permantte løysingar.

Manifest mot mobbing

– Vi må vise oss som rollemodellar

Tilstandsrapporten om Stranda-skulen i kommunestyret vart til ein engasjert debatt om rolla kvar einskild strandar har som rollemodell for barn og unge.

1-5

Stranda tapte

Det vart tap også denne gongen for A-laget til Stranda

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Sunnylven

Sunnmørsstemne i helga

Hellesylt Ungdomslag arrangerer Sunnmørsstemnet for barn i helga.

Kommunestyret

Ny viltnemd i Stranda

Kommunestyret i Stranda vedtok i ettermiddag samrøystes ny viltnemd.

Sjukefråværet andre kvartal 2017

Stabilt sjukefråvær i fylket

Forvaltningsplan for rovvilt

Vil ha bort jerven