Illustrasjonsbilete frå arkivet.

Illustrasjonsbilete frå arkivet.

Eidsdal-Linge

Utvida ferjetilbod dei neste to helgane

Sommartabellen med A- og B-ferje blir forlenga til dei neste to helgane, veke 37 og 38, for ferjesambandet Eidsdal-Linge.

Det opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune, som har lagt ut følgjande informasjon på heimesida si:

"Fredag 15. og laurdag 16. september vil det køyre A- og B-ferje etter den normale sommartabellen. Søndag 17. september vil sambandet køyre etter sommartabellen med både A- og B-ferje mellom klokka 11 og 17, og berre A-ferja utanfor denne perioden.

Fredag 22., laurdag 23. og søndag 24. september vil det også køyre både A- og B-ferje på sambandet etter den normale sommartabellen, men med noko lågare kapasitet på B-ferja denne helga.

Fartøya som blir sett inn mellom Eidsdal-Linge vil vere i reserve for andre samband. Om det oppstår ein situasjon andre stader, må B-ferja ut av dette sambandet."

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Mykje skrål, lite ull

I går låg det ein liten lapp i postkassa vår ute på Fjørstad. Det er tid for kåring igjen, og det var då det gjekk opp for meg:

RENO-konkursen og ÅRIM

Konkurs byr på utfordringar

Reno-konkursen kan by på nokre utfordringar for drifta i ein kort fase før ein for til permantte løysingar.

Manifest mot mobbing

– Vi må vise oss som rollemodellar

Tilstandsrapporten om Stranda-skulen i kommunestyret vart til ein engasjert debatt om rolla kvar einskild strandar har som rollemodell for barn og unge.

1-5

Stranda tapte

Det vart tap også denne gongen for A-laget til Stranda

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Sunnylven

Sunnmørsstemne i helga

Hellesylt Ungdomslag arrangerer Sunnmørsstemnet for barn i helga.

Kommunestyret

Ny viltnemd i Stranda

Kommunestyret i Stranda vedtok i ettermiddag samrøystes ny viltnemd.

Sjukefråværet andre kvartal 2017

Stabilt sjukefråvær i fylket

Forvaltningsplan for rovvilt

Vil ha bort jerven