50-årskonfirmantar: 1: Ole Johan Lillestøl, 2: Britt Hoem, 3: Magnhild Støyva Aasland, 4: Åge Kjølås, 5: Bodil Eide (f. Lunde), 6: Erna Furset, 7: Dag Melland, 8: Lis Karin Giske (f. Langlo), 9: Tormod Habostad, 10: Gerd Mary Tryggestad (f. Klokk), 11: Kjell Arvid Storeide, 12: Kjell Sindre Opsvik, 13: Svein Johansen, 14: Marianne Bakke Omenås, 15: Mildrid Lybek (f. Lie), 16: Per Gamlem, 17: Knut Arne Opsvik, 18: Geir Vangen, 19: Turid Meland (f. Vike), 20: Magne Espelund, 21: Jostein Eidså, 22: Rolf Sporsheim, 23: John Terje Drege, 24: Arvid Ødegård, 25: Astor Johnsen, 26: Roy Vike, 27: Svein Lars Ringstad, 28: Grethe Stave (f. Langlo), 29: Vigdis Paulsen (f. Vågsæter), 30: Gunnhild Ringdal Eliassen og 31: Karin Ormbostad (f. Kjølås). Foto: Anniken Westad
            (Foto: Anniken Westad)

50-årskonfirmantar: 1: Ole Johan Lillestøl, 2: Britt Hoem, 3: Magnhild Støyva Aasland, 4: Åge Kjølås, 5: Bodil Eide (f. Lunde), 6: Erna Furset, 7: Dag Melland, 8: Lis Karin Giske (f. Langlo), 9: Tormod Habostad, 10: Gerd Mary Tryggestad (f. Klokk), 11: Kjell Arvid Storeide, 12: Kjell Sindre Opsvik, 13: Svein Johansen, 14: Marianne Bakke Omenås, 15: Mildrid Lybek (f. Lie), 16: Per Gamlem, 17: Knut Arne Opsvik, 18: Geir Vangen, 19: Turid Meland (f. Vike), 20: Magne Espelund, 21: Jostein Eidså, 22: Rolf Sporsheim, 23: John Terje Drege, 24: Arvid Ødegård, 25: Astor Johnsen, 26: Roy Vike, 27: Svein Lars Ringstad, 28: Grethe Stave (f. Langlo), 29: Vigdis Paulsen (f. Vågsæter), 30: Gunnhild Ringdal Eliassen og 31: Karin Ormbostad (f. Kjølås). Foto: Anniken WestadFoto: Anniken Westad

Møttest i Stranda

Var konfirmantar for 50 år sidan

Dei har ein ting felles: Dei stod for presten på Stranda for 50 år sidan.

Sist søndag møttes dei att under gudstenesta i kyrkja. Ei av dei var Marianne Omenås, som fortalde at dei hadde hatt eit treff denne helga, som starta med ei samling på Stranda hotell fredag.

Mintest ven

– Laurdag var vi på gravstaden og la ned ei rose for ein av kullingane som ikkje lenger er iblant oss. Derifrå tok vi turen opp på fjellet og hadde lunsj på Paviljongen Roalden. Det vart ein spesielt fantastisk dag, med sol og nydeleg vêr, sa ho.

Dagen blei avslutta med ein felles middag på hotellet. Der hadde dei det sosialt og triveleg, med historieforteljing og biletekavalkade, fortalde Omenås.

– Finn att tonen veldig lett

Det er 50 attlevande i konfirmantkullet frå 1967. Av desse var 33 med på treffet.

Nokre av dei er framleis busette på Stranda, medan andre bur på stader som Ålesund, Molde og Sykkylven. Eit par av dei har flytta til Kongsberg, medan andre bur i Ørsta, Porsgrunn, Stryn, Dovre, Bergen og Kristiansund – mellom anna. 

Trass i lange avstandar, og mange år mellom kvar gong dei får anledning til å treffe kvarandre, fortalde Omenås at dei lett finn att tonen – ein tone som dessutan er veldig god.

– Det har nok å gjere med at vi har ein felles plattform. Vi vaks opp saman, gjekk på skulen saman og har felles opplevingar, sa Omenås.

Helsing i kyrkja

Arvid Ødegård, som er busett i Ålesund, hadde fått i oppgåve å kome med ei helsing under konfirmantpresentasjonen i kyrkja.

– Det er fantastisk å kunne møte kvarandre på denne måten, sa han.

Ødegård viste deretter til ein tale som hadde gjort inntrykk under samlinga laurdag.

– Vi fekk ein veldig flott tale frå ein av konfirmantane, med ein refleksjon over livet, sa han.

– Som 15-åringar såg vi framover med forventningar om kva som låg framføre oss. I dag, 50 år etter, er det eit levd liv i mellom.

– Stort sett snille

Før Ødegård fekk lov til å setje seg, var sokneprest Finn Arne Roaldsnes veldig nysgjerrig på om det var slik at konfirmantane var snille med presten i 1967?

– Ja, det var vel litt forskjellig med det, sa Ødegård.

– Eg og ein annan sat bakarst heilt for oss sjølve, og eg trur ikkje vi følgde så veldig godt med. Eg trur han sleit med å få merksemda vår. Men bortsett frå det var vi stort sett snille.

Meir å lese på Sunnmøringen:
50årskonfirmantane: 1: Ole Johan Lillestøl, 2: Britt Hoem, 3: Magnhild Støyva Aasland, 4: Åge Kjølås, 5: Bodil Eide (f. Lunde), 6: Erna Furset, 7: Dag Melland, 8: Lis Karin Giske (f. Langlo), 9: Tormod Habostad, 10: Gerd Mary Tryggestad (f. Klokk), 11: Kjell Arvid Storeide, 12: Kjell Sindre Opsvik, 13: Svein Johansen, 14: Marianne Bakke Omenås, 15: Mildrid Lybek (f. Lie), 16: Per Gamlem, 17: Knut Arne Opsvik, 18: Geir Vangen, 19: Turid Meland (f. Vike), 20: Magne Espelund, 21: Jostein Eidså, 22: Rolf Sporsheim, 23: John Terje Drege, 24: Arvid Ødegård, 25: Astor Johnsen, 26: Roy Vike, 27: Svein Lars Ringstad, 28: Grethe Stave (f. Langlo), 29: Vigdis Paulsen (f. Vågsæter), 30: Gunnhild Ringdal Eliassen og 31: Karin Ormbostad (f. Kjølås).
            (Foto: Anniken Westad)

50årskonfirmantane: 1: Ole Johan Lillestøl, 2: Britt Hoem, 3: Magnhild Støyva Aasland, 4: Åge Kjølås, 5: Bodil Eide (f. Lunde), 6: Erna Furset, 7: Dag Melland, 8: Lis Karin Giske (f. Langlo), 9: Tormod Habostad, 10: Gerd Mary Tryggestad (f. Klokk), 11: Kjell Arvid Storeide, 12: Kjell Sindre Opsvik, 13: Svein Johansen, 14: Marianne Bakke Omenås, 15: Mildrid Lybek (f. Lie), 16: Per Gamlem, 17: Knut Arne Opsvik, 18: Geir Vangen, 19: Turid Meland (f. Vike), 20: Magne Espelund, 21: Jostein Eidså, 22: Rolf Sporsheim, 23: John Terje Drege, 24: Arvid Ødegård, 25: Astor Johnsen, 26: Roy Vike, 27: Svein Lars Ringstad, 28: Grethe Stave (f. Langlo), 29: Vigdis Paulsen (f. Vågsæter), 30: Gunnhild Ringdal Eliassen og 31: Karin Ormbostad (f. Kjølås).Foto: Anniken Westad

Siste nyheter

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

PR-kampanje kan ha bidrege til å løysa viking-tjuveri i Bergen

Tjuveriet av vikingskattar frå Universitetsmuseet i Bergen vekte merksemd også i utlandet. Ein aktiv PR-strategi kan ha vore med på å løysa saka.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember