Snø Det er meldt snø på Fv 63, og Statens vegvesen finn det rettast i stenge vegen.
            (Foto: Arkivfoto)

Snø Det er meldt snø på Fv 63, og Statens vegvesen finn det rettast i stenge vegen.Foto: Arkivfoto

Geiranger-Langvatn

Snøfall stenger veg

Fv. 63 Geiranger-Langvatn blir stengt frå klokka 20 i kveld 6. oktober fordi det er meldt snø. Trollstigen kan også bli stengt på kort varsel, melder Statens Vegvesen.

- Det er meldt ein god del nedbør og minusgrader og vegen mellom Geiranger og Langvatn ligg på over 1000 meter på det høgste. Det er ikkje trygt å ha bilistar med sommardekk på fjellet når vegen ikkje er berr, fortel byggeleiar Kåre Berge i Statens vegvesen.

Ny vurdering

Det blir gjort ny vurdering om vegen kan opnast i morgon føremiddag. Bilistar som har tenkt seg over fjellet, må halde seg oppdatert på trafikkmeldingane på 175.no og sko køyretøya sine etter forholda om vegen er open.

Fv. 63 nattestengt ved Grønning i Valldal 9. og 10. oktober (Sunnmørssida av Trollstigen)

Stikkrenner skal skiftast

Måndag og tysdag neste veke vil fv. 63 vere heilt stengt ved Grønning mellom klokka 22 og 06. Grunnen er at tre stikkrenner (dreneringsrøyr gjennom vegen) skal skiftast ut. Det er ikkje mogleg å gjennomføre arbeidet med trafikk på vegen, melder Statens Vegvesen.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Kommunestyret vedtok torsdag å sende saka om legekontor på Hellesylt til handsaming i helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK).

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune skal onsdag avgjere om rutehefta i fylket kun skal finnast digitalt.

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Stranda kommune fekk avslag på søknad om tilskott til breidbandsutbytting frå Nasjonal Kommunikasjonsmyndigheit (NKOM).

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

I helga kan alle som er interesserte i stjernehimmelen få med seg den årlege meteorsvermen Orionidene.

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

Reguleringsplan for Lien Hyttegrend

Eigengodkjend for andre gong

Kommunestyret vedtok mot to stemmer igjen å eigengodkjenne reguleringsplanen for Lien Hyttegrend. Det førre vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen.

– Bli bøssebærar

– Meld dykk som bøssebærarar, er den klare oppmodinga frå aksjonskomiteen for TV-aksjonen.