Roleg Kaldare ver gjer at aktivieten i fjellet er mindre, og NVE har vedteke å avslutte prisjektet med vanning av området.
            (Foto: Torbjør Eidhammar (Sunnmørsposten))

Roleg Kaldare ver gjer at aktivieten i fjellet er mindre, og NVE har vedteke å avslutte prisjektet med vanning av området.Foto: Torbjør Eidhammar (Sunnmørsposten)

Mannen

Gir opp vanninga

– Vi har bestemt å avslutte vanntilførselsprosjektet, seier geolog Lars Harald Blikra ved NVE.

Bevegelsane i Mannen minkar, men NVE held oppe faregrad raud inntil vidare.

Bevegelsane nå er 8 centimeter i døgnet og har gått ned, opplyser NVE klokka 12 laurdag.

Det er store nedbørsmengder i området ved Mannen og Horgheim i Romsdal, men i fjellet kjem nedbøren som snø, og det er kaldt.

Mange forsøk

– Vi har bevegelsar sjølv om det er full vinter, men desse minkar. Vi har køyrt fleire forsøk med store vassmengder, og vi har fått bra respons, men vi klarer ikkje å få løyst ut noko skred, seier Blikra.

NVE har tilført nærmare 200.000 liter vann i fjellsprekkene, og hadde god effekt med auka bevegelsar ei stund. Så har hastigheten gått ned igjen. Bevegelsane har vore oppe i hele 20 cm i døgnet i periodar.

Ikkje utløyse

Geologane vurderer nå situasjonen slik at de ikkje klarer å utløyse eit skred med kapasiteten de har på vasspumpene.

– Vi ønsker ikkje at det skal vere raudt farenivå så lenge i forhold til bebuarane. Det er ei stor belastning for dei å vere evakuert så lenge, seier Blikra.

Har brukt mykje ressursar

Blikra seier at de har lært av vassprosjektet.

– Fjellpartiet toler ganske mykje vann, det har vi lært. Vi vil evaluere etter den nye kunnskapen vi har fått, sånn sett er det noko av de positive tinga vi tar med oss, seier Blikra.

– Det er opplagt at fjellet toler mykje meir enn vi trudde, held fram han.

NVE har brukt mykje ressursar på vassprosjektet, og det kan vere at systemet er for lite.

– Dette handlar også om kostnader. Vi har brukt ganske mykje allereie, seier Blikra.

Han har ikkje helt oversikt over kostnadene som er brukt på å utløyse eit skred frå Veslemannen.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Problem i trafikken

Snøkava held fram

Fleire vogntog har problem i trafikken på Stranda i morgontimane.

Fv. 63 Geiranger-Eidsdal

Open for trafikk

Rasferja Geiranger-Hellesylt

Ekstraavgangar søndag

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.

Gerhard B. Relling med minne frå Stranda

Leiken etter snøfall på 1960-talet

Problem i trafikken

Snøkava held fram