Duell Tobias Hjelle frå Stranda får spele mot AaFK tirsdag kveld.
            (Foto: Johan Behrentz)

Duell Tobias Hjelle frå Stranda får spele mot AaFK tirsdag kveld.Foto: Johan Behrentz

Tobias Hjelle

Får spele mot elitelaget AaFK

Tobias Hjelle skal spele mot elitelaget AaFK.

Han blir med på Folkets Lag mot  AaFK i morgon, tysdag. Kampen går på Colorline Stadion.

Samarbeid

Folkets lag er eit samarbeid mellom AAFK og Sunnmørsposten, og inntektene skal gå til TV-aksjonen 22. oktober. Gjennom ulike duellar mellom lokale spelarar, der lesarar av Sunnmørsposten har vore med og stemt er laget som skal spele mot AaFK plukka ut. Tobias Hjelle hadde for ei veke sidan duell med Harøyas Stian Harnes, og Harnes fekk flest røyster og gjekk av med sigeren.

– Stan Harnes har måtte melde forfall på grunn av skade, og difor var det naturleg at Tobias skulle gå inn i staden, seier journalist Eirik Hjelvik i smp-sporten til Sunnmøringen.


I dag kan du røyste

Blir Tobias på Folkets Lag?

I dag kan du røyste på kven av Tobias Hjelle eller Stian Harnes som får ein av plassane på «Folkets lag» mot elitestjernene AaFK.


Gler seg

– Eg kjende det som ei ære å bli nominert til duellen, sjølv om eg i første omgang ikkje vann. Det er veldig kjekt å få prøve seg, seier Tobias Hjelle til Sunnmøringen.

– Kanskje det blir starten til ein plass på AaFK sitt lag?

– Det hadde jo vore flott, seier Tobias Hjelle, som er glad for å kunne vise seg fram.

Eirik Hjelvik seier at det ikkje var tilfeldig at Tobias vart plukka ut i duellen.

– Vi plukka ut dei klart beste spelarane i lokalfotballen. Truleg burde Tobias spelt på eit høgare nivå enn 5. divisjon, meiner Hjelvik.

Tek på alvor

– Er det eit strippa AaFK-lag som skal spele mot «Folkets lag».

– Det trur eg ikkje. Eg snakka i føremiddag med trenar Trond Fredriksen, som er klar på at ein ser på dette som ein viktig kamp. AaFK spelar som om det er ein ekte elitekamp, seier Eirik Hjelvik til Sunnmøringen.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Kommunestyret vedtok torsdag å sende saka om legekontor på Hellesylt til handsaming i helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK).

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune skal onsdag avgjere om rutehefta i fylket kun skal finnast digitalt.

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Stranda kommune fekk avslag på søknad om tilskott til breidbandsutbytting frå Nasjonal Kommunikasjonsmyndigheit (NKOM).

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

I helga kan alle som er interesserte i stjernehimmelen få med seg den årlege meteorsvermen Orionidene.

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

Reguleringsplan for Lien Hyttegrend

Eigengodkjend for andre gong

Kommunestyret vedtok mot to stemmer igjen å eigengodkjenne reguleringsplanen for Lien Hyttegrend. Det førre vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen.

– Bli bøssebærar

– Meld dykk som bøssebærarar, er den klare oppmodinga frå aksjonskomiteen for TV-aksjonen.