Illustrasjonsbilete frå arkivet.
            (Foto: Anniken Westad)

Illustrasjonsbilete frå arkivet.Foto: Anniken Westad

Husdyra skapar jordbruksverdiane i fylket

Mjølk, storfe, sau og geit står for det meste av verdiskapinga i jordbruket i Møre og Romsdal – det tredje største geitefylket i landet.

Dette er produksjonar som krev mykje areal, og heile 97 prosent av areala som er i drift i Møre og Romsdal blir nytta til grovfôr eller innmarksbeite. Det viser tal frå arealbarometeret til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Fem prosent jordbruk

Samla sett er fem prosent av arealet i fylket nytta til jordbruk. I tal er dette 656.300 dekar – som svarar til om lag 91.900 fotballbaner.

På landsbasis er cirka 3 prosent av arealet jordbruksareal.

Areal til busetnad og samferdsel utgjer 1,1 prosent i Møre og Romsdal, medan 40% er i kategorien «anna markslag» og 21% skog. Av skogsarealet er 20,8 prosent produktiv skog.

Like over fem millionar dekar, cirka ein tredjedel av det samla arealet, er ikkje kartlagt. I prosent utgjer dette 34,6.

Står for 93% av sysselsettinga

Barometeret viser at grasbaserte husdyrproduksjonar som mjølk, storfekjøt, sau og geit står for 91 prosent av omsetninga i fylket, 92 prosent av verdiskapinga og 93 prosent av sysselsettinga i jordbruket.

Det kjem også fram at ti prosent av kumjølkkvoten og 14 prosent av geitemjølkkvoten i Noreg er samla i fylket. Som det tredje største geitefylket i landet, blir det produsert 2,5 millionar liter geitemjølk på 38 bruk i Møre og Romsdal. Både Jarlsbergost, Ridderost og Snøfrisk blir produsert her.

Halvering av talet på mjølkebønder

Sidan tusenårsskiftet er talet på mjølkebønder halvert, kjem det fram i arealbarometeret. Men produksjonen er framleis høg, og buskapane blir stadig større. I same periode har dyra også auka yteevna.

Talet på føretak som tek imot produksjonstilskot har gått ned frå 3.008 i 2010 til 2.181 i 2016. Talet driftseiningar totalt er 2.920.

Bruker data frå kartlegginga

På Mat- og landbruksdepartementet si heimeside kan ein lese at data som blir presenterte gjennom Arealbarometera, blir brukt i konsekvensutgreiingar, arealplanlegging og i søknadar om ulike tilskot innan landbruket.

Det er departementet som har gitt NIBIO oppgåva med å kartleggje ressursane som finst, samt å formidle kunnskapen om dei.

– For å kunne meine og ta gode avgjerder, treng vi god dokumentasjon. Vi treng kunnskap om jordbruksareala i landet vårt, kvar dei finst og om eigenskapane og kvaliteten på ressursane. Slik innsikt gir Arealbarometera frå NIBIO, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Problem i trafikken

Snøkava held fram

Fleire vogntog har problem i trafikken på Stranda i morgontimane.

Fv. 63 Geiranger-Eidsdal

Open for trafikk

Rasferja Geiranger-Hellesylt

Ekstraavgangar søndag

Rasferja mellom Hellesylt og Geiranger:

Ny ekstraavgang laurdag

Fv. 63 Geiranger-Eidsdal:

Blir ikkje opna i dag

Turistbygda Geiranger

230 fastbuande att etter millionbesøk i sommar

Førjulsmorgon. Milde sommarvinder er blitt til kald vind, regn og sørpete vegar. Turistbygda har gått i dvale. Trudde vi.

Stranda:

Fotgjengar påkøyrd i gangfelt

Ei kvinne i 60-åra fekk moderate skader etter ein påkøyrsel ved Betel fredag ettermiddag.