Pensjonistar får i dag informasjon om pensjonsutbetaling berre digitalt, men no er det truleg fleirtal på Stortinget for at dei som ønsker, kan få utbetaling tilsendt på papir.
            (Foto: Berit Roald / NTB scanpix)

Pensjonistar får i dag informasjon om pensjonsutbetaling berre digitalt, men no er det truleg fleirtal på Stortinget for at dei som ønsker, kan få utbetaling tilsendt på papir.Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Pensjonsslippen kjem truleg tilbake i postkassa

Det er truleg fleirtal på Stortinget for Senterpartiets forslag om at pensjonistar kan få pensjonsslippen tilbake på papir.

SV, som sende eit tilsvarande forslag til Stortinget i vår, har varsla at dei vil støtte Senterpartiets forslag, skriv Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Arbeidarpartiet har også sett av midlar i sitt alternativ for revidert budsjett til å få papirslippen tilbake. Aps Else-May Botten bekreftar overfor ANB at partiet framleis vil stå for intensjonen.

KrF tok opp kampen for utbetalingsslippen då samarbeidspartia forhandla om revidert budsjett. Finanspolitisk talsmann Kjell Ingolf Ropstad vil ikkje føregripe kvar partiet landa, men sa seinast i sommar at KrF vil ha pensjonsslippen tilbake på papir.

– Sidan forslaget skal opp i komiteen, må vi behandle det i stortingsgruppa før vi kjem tilbake med vårt standpunkt, seier Ropstad.

Mindretalsregjeringa med Høgre og Frp får ikkje fleirtal for at lønnsslippen til pensjonistane må hentast ut digitalt dersom både Sp, Ap, SV og KrF er imot.

(©NPK)


Pensjonistar med aksjon

Vil sjå slippen sin

Stranda-pensjonistar protesterer mot at lønnslippen berre kjem på data.

 

Informasjon frå NAV

300 i Stranda vil sjå slippen sin

300 strandarar har skrive under på oppropet om å få NAV-informasjon skriftleg. På landsplan er det 30.000.

 
Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Kommunestyret vedtok torsdag å sende saka om legekontor på Hellesylt til handsaming i helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK).

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune skal onsdag avgjere om rutehefta i fylket kun skal finnast digitalt.

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Stranda kommune fekk avslag på søknad om tilskott til breidbandsutbytting frå Nasjonal Kommunikasjonsmyndigheit (NKOM).

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

I helga kan alle som er interesserte i stjernehimmelen få med seg den årlege meteorsvermen Orionidene.

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

Reguleringsplan for Lien Hyttegrend

Eigengodkjend for andre gong

Kommunestyret vedtok mot to stemmer igjen å eigengodkjenne reguleringsplanen for Lien Hyttegrend. Det førre vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen.

– Bli bøssebærar

– Meld dykk som bøssebærarar, er den klare oppmodinga frå aksjonskomiteen for TV-aksjonen.