I Stranda kommune har ein bygdekino her, ved Norsk Fjordsenter i Geiranger, samt på Hellesylt – i Sunnylven samfunnshus.
            (Foto: Arkiv)

I Stranda kommune har ein bygdekino her, ved Norsk Fjordsenter i Geiranger, samt på Hellesylt – i Sunnylven samfunnshus.Foto: Arkiv

Bygdekinoen får statstilskot

Regjeringa vil setje av 7 millionar kroner i driftstilskot til Bygdekinoen på statsbudsjettet for 2018.

Det populære kinotilbodet får dermed halde fram på om lag same nivå som før, mens regjeringa vurderer den framtidige finansieringa og organiseringa av Bygdekinoen. Bygdekinoen har før vore finansiert gjennom film- og videogramavgifta.

Om lag to tredelar av drifta til Bygdekinoen er finansiert med eigeninntekter frå billettsal og anna.

– Med rekordhøg publikumsoppslutning i 2016 har Bygdekinoen vist at tilbodet deira framleis er relevant, sjølv om stadig fleire ser på film heime. Eg er derfor glad for at vi kan finansiere kinoen over statsbudsjettet fram til vi har tatt stilling til Bygdekinoens finansiering og organisering på lengre sikt, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) i ei pressemelding.

Meir enn 154.000 kinogjengarar løyste billett til framsyningane til Bygdekinoen i 2016. Det er ein auke på 25 prosent og meir 30.000 fleire besøkjande enn året før.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Kommunestyret vedtok torsdag å sende saka om legekontor på Hellesylt til handsaming i helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK).

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune skal onsdag avgjere om rutehefta i fylket kun skal finnast digitalt.

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Stranda kommune fekk avslag på søknad om tilskott til breidbandsutbytting frå Nasjonal Kommunikasjonsmyndigheit (NKOM).

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

I helga kan alle som er interesserte i stjernehimmelen få med seg den årlege meteorsvermen Orionidene.

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

Reguleringsplan for Lien Hyttegrend

Eigengodkjend for andre gong

Kommunestyret vedtok mot to stemmer igjen å eigengodkjenne reguleringsplanen for Lien Hyttegrend. Det førre vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen.

– Bli bøssebærar

– Meld dykk som bøssebærarar, er den klare oppmodinga frå aksjonskomiteen for TV-aksjonen.