Ikkje vinnar Ikkje på vinnarlaget, men for tidleg å seie korleis statsbudsjettet totalt slår ut for Stranda.
            (Foto: Johan Behrentz)

Ikkje vinnar Ikkje på vinnarlaget, men for tidleg å seie korleis statsbudsjettet totalt slår ut for Stranda.Foto: Johan Behrentz

Ordførar om statsbudsjettet

- Ikkje på vinnarlaget

- Stranda er ikkje på vinnarlaget etter Statsbudsjettet.

Det meiner ordførar Jan Ove Tryggestad. Han har så vidt fått sett seg inn kollonnar og tal som fortel om kva Stranda kan vente seg neste år av statlege overføringar.

Ikkje dramatisk dårleg

- Den umiddelbare reaksjonen er at situasjonen ikkje er så alvorleg som vi frykta, men dette må vi studere nøye, seier Jan Ove Tryggestad til Sunnmøringen.

Stranda vart i år straffa med nærare tre millionar kroner mindre å rutte med fordi kommunen enno ikkje har funne seg ein kommune å slå seg saman med. Ein frykta at det kunne kome eit like stort kutt også i år, men det kan sjå ut til at situasjonen ikkje blir så dramatisk.

Frie inntekter

- Det ser ut til at kommunen får eit påslag på 4,2 mill. kroner i frie inntekter. Det er ikkje "heilt borte i natta", men vi er likevel mellom dei lågaste på fordelinga av kommunane i Møre og Romsdal, seier Jan Ove Tryggestad til Sunnmøringen. Han må studere tala for å sjå korleis m.a. endring i befolkningssamansetninga og skjønsmidlar slår ut.

Av tabellen frå Statsbudsjettet går det fram at veksanslaget på rekneskapen 2017-2018 blir på 1,6 prosent. Skodje, Sandøy og Gjemnes ligg lågast med ein vekst på 1,2 prosent, medan Aure på Nordmøre har ein vekst på heile 4,3 prosent.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Problem i trafikken

Snøkava held fram

Fleire vogntog har problem i trafikken på Stranda i morgontimane.

Rasferja Geiranger-Hellesylt

Ekstraavgangar søndag

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.

Gerhard B. Relling med minne frå Stranda

Leiken etter snøfall på 1960-talet

Problem i trafikken

Snøkava held fram