Har ferda ut OBS-varsel:

Fryktar vind opp til orkan styrke på Vestlandet

Vestlandet må endå ein gong førebu seg på kraftig uvêr. Natt til torsdag kan vinden komme opp i orkan styrke langs kysten.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Gry Thunes/Colourbox.com

Nyhende

– Det vil vere sørleg full storm langs heile kysten på Vestlandet, og det kan hende vi får vindstyrke opp i orkan ved Stad, seier statsmeteorolog Martin Granerød til NRK.

Årsaka er eit stormsentrum sør for Island som kjem til å treffe Vestlandet natt til torsdag. Det vil komme som sørleg storm på utsette stader og full storm på kysten i nord. I løpet av natta blir det full storm langs heile kysten.

Det verste vêret vil komme langs kysten av Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal. Sør og nord i landet vil det komme vind av noko mindre styrke, frå liten til stiv kuling.

Med vinden følgjer det også kraftig nedbør, og Granerød anslår at det på seks timar vil bøtte ned mellom 40 og 60 millimeter med nedbør. Han oppfordrar alle som bur langs kysten om å rydde vekk alle lause gjenstandar.

(©NPK)