«Verdas eldste og viktigaste senter for fredsforsking»

Peace Research Institute Oslo, (PRIO) er eit frittståande forskingsinstitutt i Oslo.
Nyhende

Det blei grunnlagt i 1959 av ei gruppe norske forskarar, med Johan Galtung i spissen. Instituttet har spilt ei sentral rolle i utviklinga av freds- og konfliktforskinga internasjonalt og regnets som «verdas eldste og viktigaste senter for fredsforsking»

I dag får dei midlar frå mellom anna Forskingsrådet, Utanriksdepartementet og litt frå EU. I tillegg ser dei no også på om det kan vere private aktørar og firma som kan ha interesse av å bidra økonomisk.

Det er totalt 95 tilsette ved PRIO, og mange av desse kjem frå andre land som til dømes USA, England, Belgia og Afghanistan. Difor har vi engelsk som arbeidsspråk.

Dei som arbeider på instituttet har bakgrunn frå ulike fagfelt, og det gjer at ein får ei brei og variert forsking.