Handball

Tar turen til Trøndelag

Det er nye kampar i toppserien J16.

Handball: J16-laget til Stranda Handball skal spele nye kampar i helga, denne gongen i Aasheimhallen i Trondheim. Arkivfoto: Arild Ringdal  Foto: Arild Ringdal

Nyhende

Stranda sitt Toppserielag i handball, J16, skal denne helga til Trøndelag for å møte Tiller og Strindheim i Aasheimhallen. Dei to trondheimslaga ligg i kvar sin ende av tabellen. Strindheim er på andreplass, medan Tiller ligg heilt sist utan poeng.

Skal Stranda ha sjanse om å nå den landsdekkjande Bringserien etter nyttår, må laget vinne iallfall ein av kampane i helga. Stranda ligg som nr. 12, av 15, med to poeng so langt.

Frøya ligg på den siste plassen som gjev rett til plassar Bringserien med ti poeng til no.

Sunnmøringen oppdaterer sluttresultat frå kampane i Trondheim laurdagsettermiddagen.