Trafikkulukke på Tronstad

Møre og Romsdal politidistrikt melder at det har vore ei trafikkulukke på Tronstad i Sunnylven.
Nyhende

Meldinga vart sendt ut av politiet rett før klokka ti fredag føremiddag.

Føraren av køyretøyet er frakta til sjukehus med luftambulanse. Det er ikkje kjent kva skadeomfanget er.

Det er ein bil som er køyrt utfor vegen. Det vert ikkje meldt om trafikale problem i samband med ulukka.

Naudetatane er på staden, skriv politiet på Twitter.