Ole Ringdal AS på Hellesylt er mellom dei som Kjøttbransjen meiner fortener tre gull i NM.
Produksjon
Ole Ringdal AS på Hellesylt har heile verdikjeden frå slakt til bearbeidd produkt.
Foto: Johan Behrentz
Hjørnesteinsverksemd
Far og son. Adm. dir. Kristen Ringdal og dagleg leiar Ole Ringdal har vidareført hjørnesteinsverksemda på Hellesylt.
Stor aktivitet ved Ole Ringdal AS i Hellesylt
Britiske klipparar kler 40 sauar nakne i timen ved slakteriet Ole Ringdal AS på Hellesylt.Kreditering: Johan Behrentz, Sunnmøringen
Nyhende
Ole Ringdal AS fekk gull for sine baconterningar til lutefisk, for ribberullen sin og for den kokte Ringdalsmøren. Den siste var i kategorien Julepølser spesial.
– I år var det 530 produkt påmeldt for bedømming med spesielt fokus på jul og pålegg. Heile 72 forskjellige typar pinnekjøtt, like mange julepølser og over 40 medisterkaker blei sendt inn. Det har vore rekordmange bedrifter påmelde, og kampen om norgesmestertitlene er beinhard, seier Svein-Erik Eide i Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund.
– Poenget med kåringa er å gi norsk kjøttindustri ein uavhengig og fagleg tilbakemelding på produkta sine. De blir også sett opp imot konkurrentane sine produkt. Det er ingen tvil om at NM i Kjøtprodukt over tid er med på å heve kvaliteten på norske kjøttprodukt, seier Eide, i ei pressemelding.
NM-bedømminga blei gjennomført på Etterstad vidaregåande skole i Oslo. Råvare, utsjånad, lukt, smak og konsistens blei vurdert av uavhengige fagfolk med lang erfaring frå kjøttfaget.
Alle kan hevde seg
– Ingen av dommarane veit kva for produkt som kjem frå kven, så her er det like store moglegheiter for småprodusentar som for store aktørar til å hevde seg, seier Eide i Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund.