Fotballsesongen over

Feira sesongavsluttinga

Stranda IL si fotballgruppe markerte i helga sesongavsluttinga med ein festkveld og prisoverrekkingar.

Silje Stadheim vart kåra til årets spelar på damelaget, medan Andrea Kirkhorn fekk prisen både for årets toppscorer og treningsprisen.Foto: Anniken Westad

Nyhende

Spelarar som utmerker seg gjennom sesongen, blir tradisjonen tru heidra ved sesongavslutting.

Silje Stadheim vart kåra til årets spelar på damelaget. Andrea Kirkhorn fekk prisen både for årets toppscorer og treningsprisen.

Tobias Lillebø Hjelle gjorde eit hattrick på festkvelden: Han vart kåra til årets spelar på a-laget herrer, han fekk og prisen for årets spelar kåra av spelerane sjølv. I tillegg fekk han prisen for årets toppscorar - med 14 mål i sesongen som no er ferdig.

Odd Rune Opsvik fekk treningsprisen med frammøte på 91 av 98 treningar, Hisor Alrunesaraya fekk grip sjansen-prisen.

Øyvind Fjørstad fekk utmerking for 100 spelte kampar for Stranda IL. Femti spelte kampar har Erlend Teigen, Sander Reknes, Jesper Røyr, Odd Rune Opsvik og Tobias Lillebø Hjelle.

På G19-laget vart Jasmin Kalabik kåra til årets spelar, medan Hisor Alrunesaraya vart årets toppscorer. Henrik Wollen fekk treningsprisen med 87 av 98 treningar.