Politiet:

– Avpass farta etter forholda

Nyhende

Politiet i Møre og Romsdal kjem med ei oppfordring til alle som skal ut og køyre i fylket i dag:

– Etter fleire utforkøyringar og uhell oppmodar politiet om at ein avpassar farta etter forholda på vegane, skriv dei på Twitter.

Måndag køyrde ein bil av vegen på Valle i Skodje kommune, og to bilar kolliderte ved Barstadvika i Ørsta kommune.

Det var òg ein kollisjon ved Uri bru i Valldal måndag. Der kolliderte to bilar i forbindelse med ei forbikøyring, melde politiet på Twitter. Ein mann blei frakta til legevakta med mindre skader i eit kne.

I løpet av dagen har det òg vore utforkøyringar i Gjemnes kommune, samt i Sunndal og Halsa.

Anbefaler vinterdekk

Operasjonsleiar Tor-André Gram Franck seier til Sunnmørsposten at om ein er utrusta med sommardekk no, bør ein vurdere nøye om det er rett å køyre ut på vegane.

I tillegg til fleire utforkøyringar og ulukker, har politiet fått melding om underkjølt regn på E39 i Brusdalen, skriv avisa.