Ferske bilete, publisert på Facebooksida «Tyveriet på Universitetsmuseet», viser skadane på nokre av dei returnerte gjenstandane – som denne armringen frå Stranda, som er saga over. (Foto: Universitetsmuseet i Bergen)

Ferske bilete, publisert på Facebooksida «Tyveriet på Universitetsmuseet», viser skadane på nokre av dei returnerte gjenstandane – som denne armringen frå Stranda, som er saga over.Foto: Universitetsmuseet i Bergen

1 / 1

Tjuvar sagde, limte på delar og knuste vikingskattar

To tredelar av vikinggjenstandane som vart stolne i Bergen i august, har blitt levert tilbake. Men fleire av skattane har fått hard medfart. 

– Eg har ikkje sett noko slikt før. Vi spør oss kva som eigentleg har skjedd, seier Asbjørn Engevik, leiar for kulturhistorisk avdeling ved Universitetet i Bergen, til Bergens Tidende.

Tjuvane har blant anna sagd i stykke og knust smykke i fleire delar. Eit smykke frå Hardanger har fått limt på seg delar frå eit anna historisk funn i Vik i Sogn.

Biletet øvst i denne saka viser at armringen frå Nesteberget på Stranda er saga over. Myntane frå Sløgstad er også tilbake, men Sunnmøringen kjenner ikkje til kva tilstand desse er i.

– Eg veit ikkje om dei har gjort det i eit forsøk på å gjere det lettare å selje, eller kva som var planen. Vi aner ikkje kva dei har tenkt, og ikkje veit vi kva slags type lim dei har brukt heller, fortel Engevik.

– Det er forferdeleg å behandle historiske gjenstandar på denne måten. Vi bruker plasthanskar og er svært forsiktige, seier han.

Gjenstandane frå vikingtida og jernalderen blei stolne frå Universitetsmuseet i Bergen 12. august, då tjuvar braut seg inn i museet via eit stillas og eit vindauge i sjuande etasje.

Museet jobbar no med å få oversikt over dei returnerte skattane. Det er framleis 100 gjenstandar som manglar.

Førebels er tre menn varetektsfengsla for tjuveriet. Ein fjerde, som har tilknyting til saka, blir tatt hand om av helsepersonell.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

PR-kampanje kan ha bidrege til å løysa viking-tjuveri i Bergen

Tjuveriet av vikingskattar frå Universitetsmuseet i Bergen vekte merksemd også i utlandet. Ein aktiv PR-strategi kan ha vore med på å løysa saka.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember