Fekk modular frå Austerrike Biletet er frå då massivtre-blokka i Antonusvegen på Stranda var under oppføring. Det er brukt massivtre i heile dette komplekset, inklusive heisesjakta og trappene opp til etasjane. Utbyggjar Ingvar Emdal uttalte at han skulle ønskje det fanst ein norsk leverandør av dei 325 kubikkmetrane ein hadde bruk for i dette prosjektet.
            (Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær)

Fekk modular frå Austerrike Biletet er frå då massivtre-blokka i Antonusvegen på Stranda var under oppføring. Det er brukt massivtre i heile dette komplekset, inklusive heisesjakta og trappene opp til etasjane. Utbyggjar Ingvar Emdal uttalte at han skulle ønskje det fanst ein norsk leverandør av dei 325 kubikkmetrane ein hadde bruk for i dette prosjektet.Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

I Buskerud:

Store planar for norsk massivtre-fabrikk

På Åmot i Buskerud er selskapet Splitkon i ferd med å byggja ein kjempefabrikk for produksjon av massivtre. Anlegget er det første i sitt slag i Noreg, og bli det største i Skandinavia.

Det skriv selskapet på eigne nettsider. Målet er at den nye fabrikken skal stå ferdig neste haust.

Også Limtre Holding, Ski Bygg Gruppen AS, Holdit AS, Sparebanken 1 Ringerike Hadeland, Innovasjon Noreg og statsføretaket Siva er med på den store satsinga på massivtreanlegget.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale er blant dei som helsar det nye anlegget velkommen.

– Noreg ligg langt framme internasjonalt når det gjeld bruk av treteknologi. No ser vi at produksjonen av massivtre er i sterk vekst. Materialet passar alle typar bygg og er konkurransedyktig på pris og av høg kvalitet. Kombinasjonen av massivtre og andre trematerialar gjev store moglegheiter, seier Dale i ein omtale på nettsidene til departementet.

Departementet peikar vidare på at marknaden for massivtre i Noreg er aukande og i sterk vekst. Ifylgje departementet kan massivtre mellom anna kan vera med å erstatta bygging i stål og betong.

(©NPK)


Byggjer husvære i massivtre

– Det er eit veldig stort potensial og mange moglegheiter i å bygge husvære i massivtre, seier dagleg leiar Ingvar Perry Emdal.



- Mykje meir miljøvenleg

– Då vi valde bort det einaste andre alternativet, som var å bygge i stål og betong, sparte vi miljøet for 710 tonn CO2, fortel arkitekten bak massivtreblokka på Rellingbøen, Linda Emdal.

 

Open visning på Rellingbøen

Måndag var det visning på den første ferdigstilte einebustaden i massivtre. Huset er allereie selt, fortel Ingvar Emdal.

 
Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

PR-kampanje kan ha bidrege til å løysa viking-tjuveri i Bergen

Tjuveriet av vikingskattar frå Universitetsmuseet i Bergen vekte merksemd også i utlandet. Ein aktiv PR-strategi kan ha vore med på å løysa saka.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember