Død For knappe 14 dagar sidan var Harald Kjølås i Stranda for å snakke om Storfjorden. No er han død etter eit kort sjukeleie.
            (Foto: Johan Behrentz)

Død For knappe 14 dagar sidan var Harald Kjølås i Stranda for å snakke om Storfjorden. No er han død etter eit kort sjukeleie.Foto: Johan Behrentz

Redaktør

Harald Kjølås er død

Tidlegare redaktør i Sunnmørsposten, Harald Kjølås, er død 75 år gamal. Han døde etter kort tids sjukeleie.

- Det er med stor sorg vi har tatt imot meldinga om at Harald Kjølås er død. Han har gjort ein formidabel innsats, ikkje berre for Sunnmørsposten, men for heile Sunnmøre, seier ansvarleg redaktør Hanna Relling Berg i Sunnmørsposten i ein kommentar.


Sjå Sunnmørspostens omtale

God kollega

- Sjølv etter at han vart pensjonist har han bidrege med leiarartiklar og var med i redaksjonskomiteen til boka om "Amanda - journalist og pioner", som vi ga ut i haust. Han har vore ei bedtydningsfull stemme. Han har vore ein god kollega, seier Relling-Berg til Sunnmøringen.

Kjølås er frå Stranda, og har markert seg som ein kunnskapsrik pressemann og kommentator. Han vart henta inn som redaktør i Sunnmørsposten i 1978. To år seinare vart han ansvarleg redaktør, og frå 1992 politisk redaktør fram til han vart pensjonist i 2011.

NRK-mann

Før han kom til Sunnmørsposten, var han programsekretær, vaktsjef og stortingsmedarbeidar i NRK dagsnytt frå 1971 til 1978. Kjølås heldt det frie ordet høgt og vart engasjert  innan ei rekkje offentlege utval. Han var formann i Kringkastingsreklameutvalet mellom 1982 og 1984, og medlem av Nærradioutvalet mellom 1981 og 1982. Han har vore formann i Presseforbundets og Redaktørforeningens medieutval. Han har vore styremedlem i NTB og i styret for høgskulen i Volda.  I 1999 ga han ut boka "Norske statsministrar".

Lokalhistorie

Han brann for lokalhistorie, og dei fleste av sogelagstidsskrifta på Sunnmøre dei siste åra er blitt omtalt i Sunnmørsposten av Harald Kjølås. Lokalt er han kanskje best kjend for sine bidrag til Stranda sogelag sitt skrift, Bygdeminne og ikkje minst hans engasjement for Storfjordens Venner. Der vart han var æresmedlem frå 2012. Han bidrog til å gjere levande historia til fjellgardane. I 2005 ga han ut boka "Gardane langs Storfjorden", illustrert med nokre av bileta til redaktør Magne Flem. Det siste store praktverket han var ansvarleg for var boka "A.M. Liaaen 150 år. Frå pionerbedrift til ny bydel". I 2016 vart han heidra med Målprisen av Sunnmøre Mållag

Storfjordens venner

Gjennom alle år har var han opphavsmannen til dei fyldige opplysningane som følgde bileta i Storfjord-kalenderen. Seinast for knappe to veker sidan stakk han 2018-utgåva av kalenderen i hendene Sunnmøringens medarbeider. Han var i Stranda i samband med presentasjonen av foreininga "Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden", der han var leiar. Han brann for den nye nettsida til denne foreininga som han i høgste grad bidrog til å fylle med gode historier.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen opna tysdag den nye samlokaliserte sentralen for politi og brann i Ålesund.

Kyrkjebesøk

Framførte Alf Prøysen si jul

Juleforteljinga vart gjort levande med Alf Prøysen si Julekveldsvise, då elevar frå 1.- 3. klasse ved Ringstad skule besøkte Stranda Kyrkje tysdag.

Fv 60 ved Hellesylt

Open for trafikk

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.