Sunnmøringen - Ein blir ikkje arbeidsledig i Sunnmøringen, seier den nye redaktøren og daglege leiaren Renate Furre Henriksen Sandvær.

Sunnmøringen - Ein blir ikkje arbeidsledig i Sunnmøringen, seier den nye redaktøren og daglege leiaren Renate Furre Henriksen Sandvær.

Ny redaktør

Ho skal leie Sunnmøringen

Renate Furre Henriksen-Sandvær (41) er tilsett som ny redaktør og dagleg leiar av Sunnmøringen.

- Eg går til jobben med skrekkblanda fryd. Sunnmøringen er blitt hjartebarnet mitt i dei tre åra eg har arbeidd her. Det er ein god plass å jobbe, og eg har ein god og kompetent stab i ryggen som utfyller kvarandre på ein svært god måte, seier ho.

Hennar mål er framleis å lage ei god avis, når ho tek over jobben frå nyttår. Johan Behrentz har vore konstituert i stillinga etter at tidlegare redaktør Bjørn Arild Hatlem tok til å arbeide i Ålesund kommune i februar.

Ikkje arbeidsledig

- Ein vil aldri bli arbeidsledig i Sunnmøringen. Det skjer mykje både kommunalt og frivillig i Stranda, som vi vil spegle att både på nett og papir, seier den nye leiaren, som opphaveleg kjem frå Brønnøysund.

- Eg hadde aldri trudd at eg skulle forelske meg i fjellturar omkring Stranda, seier ho.

Renate Henriksen-Sandvær har utdanning innan journalistikk og statsvitskap, og har sidan hausten 2014 vore tilsett som journalist i Sunnmøringen  Før dette har ho hatt arbeid som journalist og frilansar i fleire lokalaviser.

God innsikt

Gjennom sitt journalistiske virke i Sunnmøringen har Henriksen-Sandvær skaffa seg god innsikt i samfunns- og kulturliv i Stranda kommune, som også er Sunnmøringen sitt dekningsområde. Ho er busett i Stranda, heiter det i ei pressemelding.

Styreleiar Lidvar Flydal seier i ein kommentar at Sunnmøringen ved tilsetting av Henriksen- Sandvær fått ein redaktør som har stort engasjement for Sunnmøringen si rolle i kommunen- i det politiske liv, i næringslivet og i samfunns- og kulturliv elles.

Samfunnsengasjert

- Gjennom sine år som journalist i Sunnmøringen og som samfunnsengasjert innbyggar i Stranda, har ho eit godt grunnlag for å utvikle Sunnmøringen sin posisjon blant lesarane vidare. Under leiing av Henriksen-Sandvær vil arbeidet med å vidareutvikle det digitale tilbodet til lesarar og annonsørar halde fram, seier styreleiaren.


Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen opna tysdag den nye samlokaliserte sentralen for politi og brann i Ålesund.

Kyrkjebesøk

Framførte Alf Prøysen si jul

Juleforteljinga vart gjort levande med Alf Prøysen si Julekveldsvise, då elevar frå 1.- 3. klasse ved Ringstad skule besøkte Stranda Kyrkje tysdag.

Fv 60 ved Hellesylt

Open for trafikk

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.