NAV-tal for Møre og Romsdal:

Nesten 1.000 fleire i jobb enn i fjor

Også for Stranda kommune sin del har det vore ein nedgang i talet på ledige det siste året.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Børge Sandnes/Colourbox.com

Nyhende

– Talet på arbeidslause i Møre og Romsdal har gått ned med 966 det siste året. Nedgangen har óg vore markant siste månaden. Når vi tek omsyn til vanlege sesongvariasjonar er reduksjonen siste månaden på 136. Dette er noko vi og merker i vårt oppfølgingsarbeid. No er det mangel på arbeidskraft i ein del bransjar. For eksempel innan bygg og anlegg er det blitt meir utfordrande for mange bedrifter å finne kvalifisert arbeidskraft, seier fylkesdirektør Stein A. Veland i NAV.

Lokale tal

Tala for Stranda kommune er også positive. Sjølv om det er ein oppgang på éin person samanlikna med førre månad, viser endringa det siste året at vi har blitt 28 færre arbeidsledige.

I dag er det 43 personar i Stranda kommune som er heilt ledige, 30 menn og 13 kvinner. Dei utgjer til saman 1,7 prosent av arbeidsstokken.

I fylket og nasjonalt

I Møre og Romsdal er det i dag 3.359 personar som er heilt utan arbeid. Dette er 2,4 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang i arbeidsløysa på 22,3 prosent frå same månad i fjor.

I landet er det 2,3 % av dei arbeidsføre som er heilt ledige. I tal er dette 64.216 personar. Også dette er ein nedgang samanlikna med same periode i fjor, på 17,8 %.