671.000 gjester brukte Airbnb i Noreg det siste året.
            (Foto: Berit Keilen / NTB scanpix / NPK)

671.000 gjester brukte Airbnb i Noreg det siste året.Foto: Berit Keilen / NTB scanpix / NPK

Norske familiar:

Tener nesten 600 millionar på å leige ut til turistar

Nettstaden Airbnb fortel at 17.700 nordmenn opna heimane sine for 671.000 overnattingsgjester via denne delingstenesta det siste året.

Norske familiar har tent 572 millionar kroner på slike overnattingsbesøk på eitt år, går det fram av ein rapport frå Airbnb. Det er ein auke på 56 prosent.


Slik kan du oppleve andre kulturar i di eiga, eller kanskje i andre si stue

Opnar huset sitt for turistar

– Før var overnattingsmoglegheiter for familiar på reise, avgrensa til hotell der dei måtte leige to og tre rom for å få plass til alle. Med heimdeling er det lettare for dei. Vi ser at dei ofte blir lenger når dei leiger ein heim, brukar meir pengar på andre ting enn overnatting, og kan besøkje stader som før var utilgjengelege for turistar, seier pressesekretær for Airbnb i Noreg, Bernard D'Heygere til NRK.

Rapporten fortel at om lag ein tredjedel av gjestene som reiste til Noreg for å bruke Airbnb seier dei heller ville ha blitt heime eller ikkje blitt verande så lenge viss ikkje Airbnb-tilbodet hadde funnest.

84 prosent av gjestene valde Airbnb for å leve som lokalbefolkninga og nesten åtte av ti gjester seier erfaringa med Airbnb gjorde dei lysta på å komme attende til Noreg seinare.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen opna tysdag den nye samlokaliserte sentralen for politi og brann i Ålesund.

Kyrkjebesøk

Framførte Alf Prøysen si jul

Juleforteljinga vart gjort levande med Alf Prøysen si Julekveldsvise, då elevar frå 1.- 3. klasse ved Ringstad skule besøkte Stranda Kyrkje tysdag.

Fv 60 ved Hellesylt

Open for trafikk

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.