Stranda J16 har tatt to strake sigrar i Stjørdal i helga. Dei siste kampane går i morgon.
Bildet er frå ein tidlegare kamp i Toppserien.

Stranda J16 har tatt to strake sigrar i Stjørdal i helga. Dei siste kampane går i morgon. Bildet er frå ein tidlegare kamp i Toppserien.

J16 og Toppserien i handball

Stranda slo Steinkjer

Stranda slo Steinkjer HK i dagens kamp i J16 Toppserien.

Sluttresultatet vart Stranda -Steinkjer HK 28-24. Stillinga til pause var 14-8 i Stranda sin favør.

Med unntak av startminutta var Stranda i føringa heile kampen. I første omgang var Ingvild Græsdal ustoppeleg og scora heile sju mål. I midten av omgangen hadde Stranda ei måltørke som vara i fem minutt.

Måltørka gjentok seg i midten av 2. omgang. Då tok Solveig Orheim ansvar og sette fire mål på kort tid, og Stranda rodde sigeren i mål.

I morgon tidleg er det ny kamp. Klokka 09.30  er Levanger motstandar, før det heile vert avslutta med kamp mot Volda nokre timar seinare. For å nå Bring-serien etter jul, er Stranda avhengige av andre resultat.

Det einaste som gjev håp er fire strake sigrar i Stjørdalshallen der dei avsluttande kampane går.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen opna tysdag den nye samlokaliserte sentralen for politi og brann i Ålesund.

Kyrkjebesøk

Framførte Alf Prøysen si jul

Juleforteljinga vart gjort levande med Alf Prøysen si Julekveldsvise, då elevar frå 1.- 3. klasse ved Ringstad skule besøkte Stranda Kyrkje tysdag.

Fv 60 ved Hellesylt

Open for trafikk

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.