Sørpeføre på vegen

Trafikkulukke i Valldal

Politiet melder laurdag føremiddag om trafikkulukke på FV650.
Nyhende

Ein bil har køyrt inn i autovernet ved Blikshamartunellen på FV650 ved Valldal, fortel Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.

Det er sørpeføre på staden etter veromslaget som kom i natt.

Ein person var involvert i uhellet, men det er ikkje meldt om personskade.